Amerikabrevet

Brevet framfor meg er dagsett 26. april 1885; med andre ord for over 130 år sidan. Det er eit brev som oldefar min, Jon Davidson Velure, skreiv til besten min, Jakob, som på den tida var i USA, Iowa. Med sirleg skrift uttrykkjer oldefar stor glede over å ha fått eit brev frå Jakob. Gleda vart forma i eit vanleg formelspråk på den tida: «Det kjærkomne Brev af 1 April Har vi modtaget, og ser derav til Vaares Glæde at De har Helsen og befinder Eder Vel og det same gode Tiende kan vi ogsaa meddele Dem; vi har helsen, foreldre og Søskende, saa vidt jeg ved.»

I 1885 var oldefar min 65 år. Han og kona Johanna hadde fått 10 born; det yngste var 11 år gamalt. Livet hadde vore hardt. Oldefar var strandsitjar utan jord på ein plass under eit bruk på Velure. Han disponerte eit lite hus, men hadde ikkje nokon jordflekk der han kunne dyrka noko. Karakteristisk nok vart staden der han budde, kalla Holo. I folketeljinga frå 1865 står det at fem born budde heime. Vidare står det at han var «daglønner», og at familien fekk støtte frå fattigvesenet. I 1865 var to av borna oppførde som legdslemer på andre gardar i Sørfjorden. Tre av borna vart fødde etter 1865.

Som for so mange andre unge i Sørfjorden på den tida vart Amerika løysinga for fleire i den store barneflokken i Holo. I april 1885 budde tre av sønene i Amerika. Ei dotter hadde også emigrert fire år tidlegare saman med mannen. Ho spurdest aldri meir.

Brevet til Jakob formidlar glede over at han har fått livsteikn frå Jakob. På den andre sida er han uroleg for ein eldre son, Johan, som berre 16 år gamal hadde reist til Amerika. Oldefar hadde skrive til han, men ikkje fått svar. Han forstod at Jakob hadde fått kontakt med han, og ber Jakob innstendig om å fortelja at foreldra ventar på livsteikn frå Johan. Innimellom alle opplysningar om kven som har reist, eller som planlegg å reisa til Amerika, formidlar brevet uro over den sonen som ikkje har høyrt av seg. Brevet vert avslutta med ei fullstendig liste over alle dei 10 borna med fødselsår og datoar. Føremålet er at Jakob ikkje skal gløyma familien sin. Oldefar skriv også opp datoane for seg og oldemor.

Seks år seinare døyr oldefar. I kyrkjeboka står det lakonisk at han døydde av alderdom. Han fekk ikkje oppleva at dei to yngste borna også emigrerte til Amerika, vart verande der og fekk etterkomarar. Den «bortkomne» Johan fekk også fleire etterkomarar i Amerika. Om Johan nokon gong skreiv til far sin, veit me ikkje. Oldefar fekk oppleva at ein av amerika-sønene kom heim og slo seg ned som skreddar på Lofthus. Jakob, besten min, fekk truleg aldri møta far sin att. Han kom heim frå Amerika same året som oldefar døydde, stifta familie nokre år seinare og slo seg ned på Lofthus. Også han livnærte seg som skreddar.

Oldemor flytte frå Holo straks etter oldefar døydde og budde hjå ein av sønene på Lofthus til ho døydde, 81 år gamal.

Husmurane etter huset der oldeforeldra mine budde, står enno. Eg har aldri sett foto korkje av oldefar eller oldemor, so eg veit ikkje korleis dei såg ut. Det er underleg å handfara eit brev som oldefar har skrive; det er det næraste eg nokosinne kan koma oldefar min. Eg kan sansa at frå dette vesle papiret strøymer det i mot meg vitnemål frå ei tid då livet kunne vera hardt for svært mange. Språket er litt upersonleg og vitnar om at oldefar ikkje var vane med å skriva. Like fullt, på fire små papirsider står det fram livslagnader som høyrer til i den lange forteljinga der familien min og eg utgjer små brikker. Innhaldet på fire små papirsider illustrerer den enorme endringa samfunnet vårt har gjennomgått på 130 år. Orda på fire små papirsider vitnar om at glede og sut fylgjer dei fleste av oss, sjølv om dei sokalla rammevilkåra er svært so ulike.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.