Sutaløysa

Her om kvelden fekk eg ei innhaldsrik samtale med Kvitanesen. Ei samtale med han kan vera som ein visdomsrus. Kjenner du ikkje Kvitanesen? Han er ein verdsborgar frå Ulvik som har opplevt det meste som går å få med seg her i livet. Han bur på Lillehammer, men lever livet sitt i Ulvik, i alle fall på det digitale papiret. No for tida deler han all kunnskapen sin med oss andre både i bokform og i nettheimen. Storarta for andre hardingar som har vakse opp i den trua at ein skal ikkje prata i utrengsmål, langt mindre skriva anna enn det læraren skal lesa. 
 
Me kom i prat om sutaløysa. Eg spurte kvifor han ikkje hadde skrive om sutaløysa. Han vart tankefull.  «Eg er uviss på om sutaløyse kan vera noko å trå etter», sa han. «Eg har berre lese om det, aldri opplevt det. Og so kom eg til å tenkja på korleis livet ville ha vore, dersom me ikkje hadde nokon suter. Eg tenkjer på dei mange gongene eg legg meg om kvelden med ei gnagande, men likevel smågod sut for om vêret neste dag er slik at eg kan halda meg innandørs, eller om eg må ut i frukttrea, slik at naboen ikkje skal kommentera at eg ikkje er så ofte å sjå i trea. Utan den suta ville eg ikkje ha brytt meg om vêret eller naboen, for ikkje å seia frukttrea. Eg kunne ha kome til å gjera kva som helst, kanskje lege heilt til eg vakna av meg sjølv neste dag. Kanskje kunne eg til og med ha teke meg ein tur til Voss, berre for å sjå på ekspeditrisene i butikkane. Kanskje kom ho Kari Traa innom utsalet sitt, og då kunne me ha diskutert underklede og kulekøyring, med og utan ski.»
 
Kvitanesen pratar seg opp i ekse. Eg byrjar å ana at utan ein dagleg dose med høveleg sut, kan det heile nesten verta meiningslaust. Eg har ein uvane til å oppsummera når eg møter overtydande ordskreder for å forsikra meg om at eg har forstått noko av det som har vorte sagt. Eg prøver meg med ei formulering: «Meiner du då at sutaløysa er meiningslaus?»
 
Kvitanesen set dei stålblåe augo i meg. Han skubbar skyggehua bak på hovudet slik at nokre hårtustar strekkjer seg ut i fri luft. Han sender ei snusklyse i ein flott boge mot ei boskorg medan han klør seg fundérsamt i det vekesgamle skjegget. Sjølvsagt treffer han boskorga, på utsida.
«Ja, du kar», seier han. «Kanskje du er inne på noko der, for ein gongs skuld. Korleis kan me oppleva glede utan litt suter innimellom? Korleis kan me finna noko meiningsfullt, utan at me kjenner til meiningsløysa?»
 
«Sutaløyse er ikkje noko for meg», mumlar Kvitanesen. «Kva skal eg då bruka tankane på?  Kva skal eg skriva om på Fjesboka, dersom eg lever i ein tilstand av sutalaus meiningsløyse?»
 
Kroppsspåket hans seier at me har rødd ferdig for denne gongen. Me ruslar heimover, kvar til vårt. No ventar eg på at Kvitanesen skal skriva noko på Fjesboka om sutaløysa.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.