Men

  M-e-n,
  – tre bokstavar
som held saman
for å redusera alle bokstavar
som står framanfor,
som set grenser for
meininga,
som er realistens våpen
mot alt som trugar med
å velta det velordna,
kontrollerte verdsbiletet
me skaper oss
som velfungerande figurar
med klare konturar.
 
M-e-n
  – tre bokstavar
som bergar oss
frå å vera
heilt og fullt
menneske
i augneblinken.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

18 − 8 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.