Rekkeviddeangst

For ei lita tid sidan høyrde eg eit nytt ord, «rekkeviddeangst». Eg likte det med ein gong. Ordet dekkjer den kjensla somme eigarar av el-bilar har, når dei er usikre på om dei har batterikraft nok til å nå fram til ein ladestasjon eller til ein stad der dei kan setja bilen til lading. Med sans for dramatiske effektar fortalde heimelspersonane mine korleis uvissa vaks etter kvart som batterimålaren viste færre og færre kilometer som bilen ville kunna køyra før han måtte ladast. Det gjekk bra, men det mentale spenningsnivået hadde vore høgt.   

Sjølv har eg ikkje el-bil, eg nøyer meg med hybrid, der batteridrift meir eller mindre er ein bonusfunksjon som reduserer bensinforbruket. Samstundes kan eg pakka meg inn i ein illusjon om at eg er mindre svinaktig enn andre miljøsvin. 
 
No er eg ikkje oppteken av dei biltekniske spørsmåla, heller ikkje den mentale tilstanden som rekkeviddeangsten måtte føra til. Det kan andre ta seg så mykje betre av. Eg er mykje meir oppteken av den språklege kvaliteten som det nye ordet illustrerer, og som er eineståande for norsk, dansk og svensk, skal ein tru dei språkkunnige. I norsk språkbruk kan me på ein enkel måte skriva saman ord til nye ord når me treng det. Andre døme er «oskefast» og «Kjos-fast» for å fortelja om situasjonar som flyfarande har opplevt. Dette at me på ein lett og forståeleg måte kan laga oss nye ord ved å skriva saman ord, gjev oss ein språkleg fleksibilitet og formuleringsfridom som me bør vera svært så glade for. No er me sikkert det, utan å vera spesielt medvitne om det til dagleg. Det avgjerande er at me faktisk bruker denne formuleringsfridomen. 
 
Når eg likevel vil bruka nokre refleksjonar på dette fenomenet, er det fordi det er ein del tendensar til å øydeleggja dette språkverktyet. Rett ofte dukkar det opp døme, der samansette ord vert delte på ein fullstendig meiningslaus måte. Eitt av dei siste døma eg har sett, er reklame for korleis me skal kvitta oss med «buk fett». Temaet er i og for seg svært så aktuelt for nokon kvar no etter joletida, men språkleg er det fullstendig meiningslaust. Utan tvil skjer dette etter påverknad frå engelsk språkbruk, som manglar språkverktyet med å skriva ord saman for å laga nye. 
 
På sosiale medium har det heldigvis kome opp akjonar som viser all komikken som vert resultatet, når samansette ord vert delte på ein skøytalaus måte. All ære til desse aksjonane som viser at språkmedvitet enno er til stades «der ute». Kvifor skal me frivillig finna oss i at språkleg fleksibilitet og evne til å uttrykkja oss med stort mangfald, skal forsvinna berre fordi engelsk ikkje har slik fleksibilitet? Så lenge me har vit til å bruka denne fleksibiliteten, kan det vera med på å halda oppe norsk som eit relevant bruksspråk med høg formuleringskvalitet.  Og så kan det henda at teknologiutvikling vil føra til at el-bilar i framtida berre gjev eigarane sine batteriglede og rekkeviddejubel.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.