Å grisla

Her om dagen fekk eg eit spørsmål om kva eg grisla med. Ordet kjenner eg frå barndomen, men eg bruker det ikkje til vanleg. ‘Å grisla’ er eit godt uttrykk i den meining at det også lydmessig uttrykkjer det å stuka på, driva på med noko, rota rundt. Ordboka fortel at ‘grisla’ kan koma frå lågtysk, og at det kan ha samanheng med gris og måten han oppfører seg på. Ordet har fleire andre tydingar, m.a. å spreia noko tunt, t.d. høyet. Ei anna tyding er frå baking, der det å gje brød kort oppvarming og pensla med sukkervatn før den eigenlege steikinga, vert kalla “å grisla”.

Som så mange andre ord og uttrykk har ‘grisla’ samanheng med praktisk arbeid i heimen og i landbruket. Grisla er nok døme på ord som etter kvart kverv frå aktiv språkbruk. Det heng sjølvsagt saman med at arbeidsmåtar og gjeremål endrar seg i takt med teknologisk utvikling. Språkutvikling vil alltid vera ei blanding av at noko forsvinn og nytt kjem til. Det er i grunnen litt synd at ord som grisla går ut av bruk, fordi dermed forsvinn også mangfald og fleksibilitet i måten me yttrykkjer oss på. På den andre sida kan ein seia at når referanseramma for ord og uttrykk vert borte, misser orda meining og innhald.

Vedkomande kunne òg ha spurt meg kva eg syslar med. Det ordet er nok meir vanleg enno i dag. Kanskje meir vanleg som substantiv – “ein syssel” – enn som verb. Dei fleste vil forstå at me meiner å utføra gjeremål, oppgåve, arbeid o.l. når me spør kva folk syslar med.

Ein tredje variant kunne ha vore “pusla/putla”: “Kva puslar du med i dag?”. Her kan nok meininga av og til vera å utføra småoppgåver, førefallande arbeid, kanskje litt planlaust for å få tida til å gå. Substantivet “pusling” er eintydig negativt i meininga vesal og stakkarsleg framtoning.

Det vanlege verbet me bruker i daglegtalen for “å grisla”, “å sysla og “å pusla”, er “å gjera”. Det fungerer heilt fint; me får uttrykt det me skal, dei fleste gongene. Men stundom kjennest det både godt og fornuftig å vera litt meir finstemt i nyansane, sjølv om det berre er snakk om å gjera noko.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five × 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.