Til bry

I oppveksten fekk eg læra at me ikkje skulle vera til bry for andre. Eg fekk vel aldri ei krystalklår oppfatning av kva det innebar i praksis, anna enn at me som ungar ikkje skulle oppføra oss slik at dei vaksne måtte ta ekstra omsyn til oss. Me skulle ikkje hefta dei vaksne i gjeremåla deira. Det var også skilnad kva vaksne me hadde med å gjera. Dei næraste rundt oss var det ikkje so fårleg med, dei måtte gjerne hjelpa oss og ta omsyn til oss. Nei, det var dei andre utanfor familien me ikkje måtte vera til bry for. Dei hadde sine eigne å bry seg om. Å vera brysam vart aldri sett på som noko fortenestefullt. Ein skulle klara seg sjølv med det meste.

Det er sikkert somme i min generasjon som kan hugsa forventninga om at me ikkje skulle vera til bry, og den litt gnagande kjensla dei gongene ein forstod at ein var til bry. Stundom stikk refleksane fram, den dag i dag. Ein prøver å oppføra seg slik at ein ikkje skaper ekstra vanskar for flokken, stor eller liten.

Samstundes har me ei meir positiv side med det å bry seg. Det er eit godt samhandlingsideal at me skal bry oss om andre, ta omsyn, hjelpa og trøysta, når det er nødvendig. So er det denne evige balansen då, som ikkje alltid er lett å finna. Kanskje er samanhengane når ein kjenner seg til bry, viktige. Er det eigen oppførsel som gjer at ein kjenner seg til bry for andre, opplevest det ikkje særleg bra. Er det hendingar utanfor eigen kontroll som gjer at andre må bry seg, er det lettare å handtera. Då kan det kjennast godt, rett og slett, at nokon bryr seg. Likevel er det inga feststund å kjenna at ein er til bry for andre. Stundom kan det kort og godt vera brysamt; ein kjenner seg i alle fall brydd.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 − one =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.