Det høyrest på røysta

Det høyrest på røysta
når gleda boblar og
lukka fargelegg ord og
tonefall.

Det høyrest på røysta
når livet leitar på,
når tvilen slit og
uroa gneg.

Det høyrest på røysta
når sorga trykkjer på og
kremtinga fortel at
tårene når munnvikane.

Røysta kan høyrast
etter ho har tagna,
ligg der som minnetonar
hjå dei som ville høyra.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 − two =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.