Ugjort

Godt med alt som er gjort, kan me stundom høyra av folk som er flinke og driftige, og som verkeleg får ting frå seg. All grunn til å sjå opp til slike. Dei slepp å anka over alt som er ugjort, og som burde ha vore gjort. Det kan vera litt småplageleg dette å verta minna om alt som er ugjort. Sjølvsagt kan me skulda på at alt var so utgjort at me ikkje fekk gjera det som burde ha vore gjort. På den måten kan utgjort og ugjort hanga meir saman enn me tenkjer. Det er i grunnen ein liten kunst å analysera seg fram til grunnane til at noko er ugjort. Det kan sikkert vera mogeleg å skriva ei heil bok om kvifor ting (enno) er ugjorde. Eller kanskje ein blogg med vidløftige analysar av kvifor ting ikkje vert gjorde når dei burde ha vore ferdige.

På den andre sida – og det er alltid minst to sider – kjenner eg somme som er slik skrudde saman at dei av og til gjer ting som dei gjerne såg ugjorde i ettertid. Det er faktisk vanskelegare enn når noko er ugjort. Ugjort kan nesten alltid ordnast med, dersom ein ikkje svinn ut av tida, slik at det ikkje er mogeleg å gjera det ugjorde. Ugjort kan faktisk opplevast som eit potensial, noko som kan ordnast. Å ynskja at noko i fortida var ugjort, kan derimot aldri verta noko meir enn eit ynske. Gjort er gjort, og står der for all samtid og framtid, sjølv om det burde ha vore ugjort. Slik kan dagane gå, der me vinglar mellom å ikkje gjera ting som burde ha vore gjorde, og hendingar som me ynskjer ugjorde. Det er sikkert nokon som vil kalla det eit balansert liv. Men akkurat no undrar eg på om ikkje denne teksten burde ha vore uskriven.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.