Grannaveitla

Ei av dei fyrste festsamkomene eg fekk vera med på, – utanom jonsokbryllaupa, som me ungane stod for – var ei grannaveitle, truleg i 1957 eller 1958. Kring kyndelsmess-leitet (2. februar) hadde grenda frå Ernes til og med Lofthus-garden – eit gamalt bedarlag* – granneveitle på Hotel Ullensvang. Eg meiner å minnast at dette hende nokre år etter kvarandre. I alle fall, kvar familie leverte inn mat slik at det vart eit godt måltid med røykjekjøt og god drikke, sikkert også med kaker og kaffi litt utpå kvelden. Når eg hugsar dette, er det fordi på sundagen var det “snå-veitla” (etterpålag) på hotellet, og då fekk me ungane vera med. Det var servering av mat og kaffi, og so var det litt dans der me ungane fekk vera med. Det hugsar eg best. Ekstra stas var det at far spelte til dansen.

Det var eit fyrste møte med vaksenlivet, der me såg vaksne, som elles var sindige foreldre i kvardagen, ha det moro i lag og slå seg laus på fest. Eg hugsar det gjorde sterkt inntrykk å sjå og høyra ein av dei eldre gardbrukarane sitja sovande i ein stor skinnstol i baren på hotellet. Inntak av skjenk kombinert med lite svevn, kravde vel sitt, og skinnstolen var nok ein høveleg kvilestad. Plutseleg raut han til so me ungane skvatt. Han kom seg ikkje opp av stolen, og etter ei tid gjekk han inn i svevnriket att.

At denne eldre karen hade drukke for mykje og var full so langt utpå sundagen, var litt morosamt, men samstundes ørlite skamfullt. Det vart ikkje sagt, men eg kunne sansa kva dei andre vaksne meinte om ferdalaget. No visste me ungane vel om at folk kunne drikka seg fulle. So lenge dei var “på ein lette”, dvs. i godt humør, kunne det vera greitt. Skamma kom derimot sigande når folk vart ustøe i gonga og begynte å vera ufine og bråkete.

Sjølve konseptet med grannaveitle opplevde me som svært positivt, dette at folk i grenda samarbeidde om å laga ein fest saman. Når me ungane kvar sommar laga til jonsokbryllaup over to dagar, hadde me grenda og bedarlaget som utgangspunkt. Det var ein god skule i å læra at fellesskapsløysingar er nyttige, også i festsamanhengar. Skikken med at grenda er utgangspunkt for slike festsamlingar, er nok mykje godt borte i bygdene i dag. No er det organisasjonslivet, med idrettslag, ungdomslag o.a., som er fellesnemnaren og utgangspunktet for slike festsamkomer, i den monn dei eksisterer. Det viktige er likevel at fellesskapsløysingar vert haldne i hevd.

*Bedarlag = krins, grend der dei bed kvarandre i visse slag gjestebod.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 4 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.