Meiningsløyse

Kva skriv ein om, når ein har lyst til å skriva, men ikkje kjem på noko å skriva om? Å skriva om å ha lyst til  å skriva er som å ta på seg treningsklede, men ikkje vita kva ein skal gjera med dei. Ein står der med kleda på, og så vert ein oppteken av om dei eigenleg passar til det ein ikkje veit kva er, men som skal gjerast. Kleda er gode å ha på, når ein tenkjer etter, men dei treng ikkje vera treningsklede for å vera gode å ha på. Ullunderklede er gode å ha på, men trengst ikkje til trening, med mindre du høyrer til dei som lever med ei vrangførestelling om at di kaldare det er, di meir gjer det godt for kroppen å trena. Merkeleg korleis det å ikkje vita kva ein skal skriva om, har ført meg til treningsklede, utan at eg veit kvifor. Spesielt når eg knapt har hatt treningsklede og aldri vore kjend som ein som trenar. Å skriva noko utan å vita kva ein skal skriva om, minner meg om det som mange gjer i det offentlege rommet når dei skal drøfta viktige ting utan å vita kva dei drøftar. Orda sluttar seg formlaust om meiningslause ytringar, alfabetet vert maltraktert på ein måte som Aristoteles aldri kunne ha førestelt seg. Nett slik som treningskleda sluttar seg om formlause kroppar som aldri har forstått at dei eigenleg er laga for å brukast. Merkeleg kva som kan koma ut av å ikkje vita kva som skal gjerast, for ikkje å seia, skrivast.
Publisert på Facebook 5. oktober 2013
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.