Grått hår

Dei kjem av seg sjølve,
dei gråe håra,
litt etter litt,
ubedne;

lette å oversjå
den fyrste tida,
desse gråe tustane som
tyt fram, trengjer seg inn
i synsfeltet
når ein passerer
spegelbiletet;

somme tyr til farging,
hektar seg fast
i fortidsbiletet,
slik ein skulle
ha vore,
alltid;

treng ikkje fysiologisk forklaring
på kva som skjer,
nok å vita
at livet må levast
for å få
grått hår.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.