Leiingssykja

Omgangssykje var det noko som heitte, då eg var barn. «Det er noe som går, min kone har hatt det», var standardkommentaren til dokteren, når farangar sveipte gjennom bygda. Etter mange år har eg forstått at det kan finnast faranger i tankeverda òg. Ein av dei er leiingssykja.  No er det kanskje berre eg som får sykje-assosiasjonar når eg ser det som av og til skjer. Andre vil nok heller snakka om ein organisasjonsutviklande trend, eller bruka andre fine og bortforklarande ord. Nok om det. Utgangspunktet for påstanden om ei form for sykje er at somme vert så opptekne av å drøfta, analysera og forstå den inste kjernen i leiingsuniverset at dei rekk ikkje å gjera anna, for ikkje å snakka om å utføra vanlege arbeidsoppgåver eller få noko gjort.

I min barndom leidde me kyr, hestar og stundom sauer. Folk flest gjekk fritt. Etter kvart har eg forstått at me må leiast som menneske også, og då på litt andre måtar enn det som står i salmen «Lei milde ljos, i gjennom skodde-eim». No svevar vanskelege, men sikkert viktige ord gjennom skodde-eimen: endringsleiing, transaksjonsleiing, transformasjonsleiing og fleire andre. Førebels har eg ikkje sett distraheringsleiing, men det kjem sikkert. Eg har sett det i praksis.

Stundom får eg inntrykk av at personar som kan skilta med at dei har leiarrøynsle, sjølv om det berre er sjølvleiing, kan leia alt mogeleg, ikkje minst når dei veit lite og ingen ting om det faglege innhaldet i den verksemda som skal leiast. Ein god leiar kan leia kva som helst, vert det sagt. Eg har sett forsøk på slikt, men er enno overtydd om at det ikkje er noka ulempe å ha kunnskap om det som skal leiast.

Sjølv har eg med ukontrollert aukande alder fått meir og meir sans for prinsippet om fri dressur under ansvar. Parar ein det med sakkunnskap, litt sunn fornuft og ein porsjon gamaldags folkeskikk, er det ufatteleg kva som kan koma ut på andre sida, og då i positiv meining. Styrlaust, seier du? Kanskje det, men kva så?
Share

2 kommentarer til “Leiingssykja

  1. Guttorm Rogdaberg

    Hei Magne. God jol, som eg i god gammal sørfjordstradisjon reknar til trettandagen. Og som gjev meg ro til litt litterær oppdatering. I tillegg til Jakobs bok går med omlag ei kvart bok for dagen i tillegg til å nyta livet både med nødvendig arbeid og større og mindre selskaplege samkomer. Ei god jol med andre ord.
    Eg las humrande om leiingssykja og om nokon av symptoma den sykja har. Det er vel kansje vanskeleg å kalla det livsstilsykja?, men at sykja er utbreidd i vår (livs)tid er det altfor mange døme på. Akkurat som møtesykja, som og er ein farang på veg mot nye høgder. Trøysta får vera at som alle andre bøljer er det toppar og dalar. No er det truleg i tillegg fløande sjø.
    Takk for mange gode kapittel og vidomsord i Jakobs bok. Dei gler meg.
    Vil få ynskja deg og kåno ei god jol vidare, og eit godt nytt år, – med ny løedans i tunet? Har ein liten plan om å bruka MS Granvin over frå Lofthus den kvelden med retur etterpå. Vonar det går.
    Mvh GuttormR

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Gode Guttorm, takk for helsing og gode ord! Eg er ikkje annleis samanskrudd enn at eg syg på dei karamellane som vert serverte. Løedans i Agatunet er me interesserte i, men eg skulle gjerne ha ein dato å presentera for Siri og Øystein. Dei er opptekne personar, medan eg surfar rundt som pensjonist. Ideen med å bruka MS Granvin frå Lofthus er strålande; det må du prøva å få til. Eg tek kontakt med deg på «lukka kanal» for å lufta ein annan idé. Eit godt og framgangsrikt år for deg i 2015, helsar han Magne på Lillehammer.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.