Tenkjande folk

Me sit i kantina og snakkar, ein yngre kjenning og eg. Samtala går om eitt og hitt, slik turrprat mellom kjenningar gjerne utviklar seg.

Så kjem det obligatoriske spørsmålet i slik småprat: ”Kva tenkjer du?” Han sender spørsmålet over bordet til meg. Eg tek ein liten pause før eg svarar og framfører nokre inkjeseiande vendingar. Medan eg let bambusformuleringane glid lett ut i samtala, tenkjer eg på det eg gjerne ville eller skulle ha svart, men då ville eg ha vore meir uhøfleg enn godt er. Og tenkte samtaler bør kanskje helst verta verande i tankane.

Likevel, slik kunne samtala ha utvikla seg:
”Vil du verkeleg høyra kva eg tenkjer?” Eg set augo i den andre, som vert litt forvirra og seier: ”Ja??”
”Eg sit og undrar på kva spørsmålet ditt inneber. Eg lurer på om du vil høyra kva eg veit, kva eg meiner, kva eg hugsar, kva eg trur, kva eg tykkjer, kva eg vil, eller kva eg anar. Eller alt dette. Eg sit og tenkjer på at det er vanskeleg å føra ei god samtale når språknyansane i formidling av tankeverksemd vert borte. Eg sit og tenkjer på at når ’å tenkja’ skal bety alt og ingen ting, er ikkje vegen lang til tankeløyse.”

Etter ein slik kraftsalve ville nok den andre ha flakka litt med blikket, sett på klokka og funne ut at oi, han må skunda seg i eit møte. Raskt ville han ha gått frå bordet med kurs mot møtet eller på leit etter tenkjarar, skikkelege tenkjarar. Han ville nok ha tenkt sitt. Sjølv ville eg ha rusla inn att på kontoret; eg ville ha klart å tenkja på passordet, logga meg inn på datamaskinen og halde fram med å formulera tankar, meiningar, ja, kanskje til og med resonnement med indre samanheng, dersom dagen var god. Dei fleste tankane ville eg nok ha halde for meg sjølv, som vanleg, og godt er det.

 Publisert på Facebook 4. september 2013

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.