Personleg, balansert målstyring

Gjennom mange år har eg fått læra at ei kvar verksemd må ha ein målstruktur for det som skal gjerast: visjon, mål og strategi, eller andre flotte ord som skal hjelpa oss inn på rett spor og sjå til at me utfører det me skal gjera, på rett måte. Somme snakkar til og med om balansert målstyring. 

Skal eg vera heilt ærleg, og det skal ein vera på nettet, har eg aldri heilt forstått kvifor balansert må nemnast  spesielt. Det burde  vera sjølvsagt at styring går best når ein er i balanse. Det eg har observert av ubalansert framferd, har aldri verka tillokkande eller overtydande. Eg har nokre gonger sett ubalansert styring av syklar i høg fart, og det var ikkje eit vakkert syn, etterpå. Men dei som har laga slike styringssystem, må tydelegvis ha så omfattande ubalansert røynsle at dei har meint at ‘balansert’ må skrivast fullt ut for å vera på den sikre sida.

For å forstå kva omgrep kan bety, prøver eg stundom å finna døme frå den praktiske verda, sjølv om folk rundt meg hevdar at eg ikkje er særleg praktisk av meg. ‘Balansert’ fører tankane mine til avbalansering av bilhjul. Eg har aldri gjort det sjølv, berre sett andre gjera det. Det er vel feil å seia at eg forstår fullt ut kva dei gjer, men såpass forstår eg, at det viktigaste er at hjula ikkje ramlar av. Slik er det vel med balansert målstyring òg: du må ikkje løysa oppgåvene på ein slik måte at dei forsvinn frå deg. 

No etter nokre tiår med målstyring, i eller ute av balanse, har eg sysla med tankar om å overføra den visjonære og målretta tenkinga til personleg bruk. Førebels har eg ei teoretisk tilnærming til det heile, men det kunne kanskje verta noko slikt:
  • Visjon trur eg at eg hoppar over; eg har møtt for mange som ikkje ser skilnad på visjon og hallusinasjon.
  • Å ha eitt hovudmål er også litt usikkert; kva gjer ein då med alle dei tilfeldige måla som dukkar opp?
  • Eg satsar på bevegelege delmål; akkurat no er eit slikt delmål å ikkje forstå at livet skal kunna teljast, målast og vegast. Det dukkkar nok snart opp andre delmål.
  • Strategien er å syta for at arbeidsoppgåvene aldri er heilt avslutta. På den måten vert eg ikkje arbeidslaus.
Korleis eg skal rapportera på dette, er eg uviss på, men eg har forstått at struktur kan vera viktigare enn innhald, så då bør det kunna gå bra å laga ein balansert rapport med rett utsjånad.
Share

Én kommentar til “Personleg, balansert målstyring

  1. Elisabeth Jones

    Som alltid Magne, uttrykket du deg på en lett, god og lun måte om ulike tema! Takk for denne også!! ❤️??

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.