Stuttbrok

For at alle skal forstå det eg skriv frå fyrste ord: brok er det same som bukse. – Med ein del år på buksebaken har eg opplevt korleis buksemoten for karar har endra seg. Ikkje so å forstå at eg har fylgt endringane so nøye og manglar nok mykje detaljkunnskap. Likevel, dei gongene ein skulle kjøpa seg ei brok, fekk ein med seg endringane, anten ein ville eller ikkje.

No, i 2019, trur eg det er på moten att med karabrøker som går eit stykke opp på leggen. Det ser ut som om karane har vakse ut av konfirmasjonsbuksa si. I min ungdom var dette eit teikn på at gutane ikkje høyrde med til jente-favorittene. I mi ungdomstid skulle buksene gå ned på skorne slik at framsida på buksebeinet la seg med ein liten brett over skorne. Eg har nok stoppa på det stadiet. (Eg merkar at kunnskapen på feltet er mangelfull og manglar ord for å forklara kva eg meiner.)

Seinare vart det mote at buksebeina var so lange at dei skulle krølla seg som trekkspelbelgar oppetter leggene. Dei buksene vart eg aldri fortruleg med. Eg fekk meg ikkje til å gå med bukser som fortalte for all verda at eg er kort i beina. So lenge denne moten eksisterte, var det nokon rundt meg som måtte leggja opp buksebeina, dersom eg ikkje hadde tid til å venta på at butikken la opp buksa.

Den eigentlege stuttbroka høyrde gutedagane til. I mai starta masing på mor om å få ta på seg stuttbroka og kunna gå med med berre legger. Det var ei underleg form for vår-fridom å kunna gå med berre legger. Enno i dag ser eg vaksne karar krypa inn i stuttbrøkene sine for å prisa våren og visa fram ekstremitetane sine i det offentlige rommet. I dag snakkar vel dei fleste om “shorts”, til liks med alle dei andre engelske orda som smyg seg inn i det norske språket. “Stuttbrok” høyrer nok med til den aukande delen av språket vårt som finn seg ein kvilestad i ordbøkene. Uansett er det kanskje ein fridomsdimensjon over stuttbroka.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

two × five =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.