Det naudar ikkje

«Det naudar ikkje», brukte far å seia, når han svarte på spørsmål om korleis han hadde det. Me tok det som uttrykk for at eigenleg gjekk dagane greitt. Eg kunne ikkje tenkja meg at han, eller andre eldre i heimbygda mi, ville kunna målbera at jau, livet er fantastisk, eller nei, eg har det ufatteleg fælt. Livet vart levt i midtfeltet med innslag av både positivt og negativt.

Skikken med å setja saman to negative utsegner for å uttrykkja noko positivt, har alltid fascinert meg. Det gjev utsegna dobbel botn og skaper tolkingsrom på ein spesiell måte. Det at ein i det heile bruker ordet «naud», når nokon spør korleis ein har det, signaliserer at her kan det liggja noko under. «Ikkje» opphevar det negative, og det oppstår ei form for positiv bodskap, men likevel med eit atterhald som mottakaren ikkje kan vita noko sikkert om. Tolkingsrommet har uskarpe grenser, og det er nok meininga.

Kanskje var utsegna eit uttrykk for at ingenting skulle overdrivast, me skulle ikkje skryta og heller ikkje naukra. Kanskje uttrykkjer formuleringa ei form for lukke med atterhald, eller reallukke, om me vil. Den absolutte lukka var noko som eksisterte i romanar eller filmar, ho lét seg ikkje identifisera i bakkane i Lofthus-bygda. Ulukker var det nok litt enklare å få auga på, små og store i ulike former, sjølv om den botnlause ulukka heldigvis var sjeldan gjest.

«Det naudar ikkje», var det siste far sa før livsljoset hans slokna for ein del år sidan. Det var nok ei dekkjande oppsummering av livet for mange i generasjonen hans. Me skal ikkje klaga me andre heller over ein slik konklusjon.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.