Virus på samfunnsnerven

Me lever med virus på
samfunnsnerven,
hostar ut
paradoksformuleringar:
– hald avstand for å
stå saman!

I slike tider
betyr to meter meir
enn 3,14.

Verbal, digital samhandling
erstattar klemmar
og stryking over kinn.

Kald vårvind
stengjer oss inne i
varme vinterklede,
sommarkjolane tel dagar
på kalenderen.

Over det heile lyser
ein kjølig, full aprilmåne,
ingen veit kva
han tenkjer.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twelve + 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.