Turist i eige liv

Sein kveld, han stig ut av bilen, eit pip fortel at bilen er låst.
Nytt pip i inngangsdøra helsar velkomen heim att, ljosa slår seg på innover i store rom utan innslag av Ikea.
Set seg ned i ein djup sofa medan det strøymer sansemusikk frå usynlege høgtalarar og aksjekursar flimrar over ein fjernsynsskjerm i elefantformat.
Sukkande opnar han ein Samsung Galaxy Note 10+, registrerer nokre halv-viktige e-postar.
Finn seg eit glas med italiensk raudvin, konstaterer at det er ein lett vin, grei no om sommaren, men ikkje kraftig nok til eit skikkeleg kjøtmåltid.
Opnar nettbrettet for å sjekka overskrifter på VG, det meste er uinteressant.
Trekkjer pusten, sig inn i halvsøvne, reiser til i ei halvmytisk draumeverd, der faren stryk han over håret, mumlar fram, nesten litt messande: «Du vesle kar, du vesle kar».
Svevnen tek eit bamsetak, figuren i den djupe sofaen får ikkje med seg at børsen går kraftig ned.
Farshanda i draumen forsvinn i lause lufta.
Den digitale hushjelpa, Alexa, fortel med klokkeklar metallstemme: «It’s seven o’clock».
Utgangsdøra opnar seg, bildøra opnar seg, det er klart for ein ny dag.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.