Katt i band

Eg går med katt i band, ein halvstyving av ein katt, som er på ferieopphald. Barneborn og ei myndig matmor har instruert oss om korleis denne katteskapningen skal handterast og stellast. Bandet er raudt, 123 cm langt og med teikningar av kattungar på, alle i unaturlege fargar. Katten må vera i band når han skal gå i ein byhage, lokalisert i eit gatekryss i ein småby, der bilar og andre doningar køyrer heile tida. I tillegg er gatekrysset start- og sluttpunkt for gule ambulansar med blåljos. Eg forstår så pass, eg òg, at eit katteliv i full fridom her er ekstremsport.
Tankane går 60 år attende då eg sjølv fekk ein katt. Det var ein kjetling etter Hesjedals-kjetta, denne umåteleg dyktige kjetta som til og med hadde teke ein mår, eller var det mink, ein gong i tida. Kjetta hadde i alle fall utført ei stor bragd. Far hadde nok ikkje noko i mot ein katt, som etter kvart vart ein kompanjong på sofaen under middagskvilda. Mor kunne nok styra gleda si og gjorde det òg.
Katt i band var utenkt. Det næraste me kom, var då syster mi kledde på kattungane som dokker og køyrde dei rundt i dokkevogn. Ein dag hadde ho selt den eine for ei krone til ein gardbrukar. Ho var nok flinkare som kattepassar enn som forretningskvinne – i alle fall den gongen.
Så ruslar me rundt i hagen ein fin sommarsettermiddag, katten og eg. Mykje å sjå for eit ungt katteliv. Fluger, maur, til og med ei vevkone vandrar forbi med katten som ivrig tilskodar. Oi, der kjem ein veps. Katten legg seg til i jaktstilling, betraktar vepsen som flyg frå blom til blom. Jaktinstinktet tek overhand, han tek sats… og boms i bakken. Bandet var ikkje langt nok, eller for å vera meir presis: kattebandhaldaren har ikkje reaksjonsevne som er på ungkattnivå. Men det kunne ha vorte bra.
Turen går opp i eit gamalt epletre; det er råd å koma 123 cm over det nivået som ei frosen aksel kan heva den armen som held bandet. Katten finn ut sjølv korleis han kan koma seg ned att medan han høgg etter blada som viftar svakt i doven sommarbris. Slett ikkje verst liv, dette urbane kattelivet i ein byhage.
Me ruslar inn att, dvs. kattebandhaldaren lyfter katten opp, og me vandrar inn i stova. Kattebandet vert teke av, katten tek ein runde på stovegolvet med ein liten hard ball, ei form for stovegolvhockey, før han vert geleida inn i rommet sitt. Der har han stor kasse med sand, kattefôr, nytappa vatn i ein boks, ei kattekorg, to senger og ein DAB-radio med lydplanke til disposisjon, slik det sømer seg ein urban katt i 2013.


Publisert på Facebook 24. juli 2013

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.