Amerika-billetten

Eg sit med eit gamalt dokument framfor meg. Det er rosa på farge og ber merke av å ha vore bretta saman i mange år. Dokumentet er billetten fars-besten min, Jakob Jonsson Velure (1863-1943), brukte då han 28. juli 1882 reiste til USA. Ein 10 år eldre bror, David Johnsson, (1853-1930) var reisefylgje. Han hadde vore i USA sidan 1875 og var heimkomen for å henta veslebroren med seg til eit nytt liv i Amerika. Billetten viser at det kosta besten min 177 kroner og 70 øre å reisa med Inman-linien via Hull og Liverpool til New York. Dei var framme i New York 12. august 1882. Billetten dekka dessutan togbillett til Durand i Illinois, der David budde.

Begge flytte på seg i USA, m.a. budde dei ein periode i Cresco, Iowa, og begge livnærte seg som skreddarar. David kom attende til Lofthus-bygda, der han gifte seg i 1887. Besten min kom attende til Sørfjorden i 1891-92. Han òg slo seg til i Lofthus-bygda som skreddar.

Det er litt rart å handfara dokumentet og veta at det ein gong i tida var eit avgjerande papir for besten min. At billetten fylgde han i alle åra etterpå, viser at det var viktig for han. Tru kva han tenkte då han fekk billetten i handa, underskriven og stempla? Papiret var bokstavleg tala inngangsbilletten til eit nytt og ukjent liv. No var han som 19-åring ikkje heilt åleine i verda. Den eldre og erfarne broren var nok ei god støtte. Og han visste at tusenvis av andre var i same situasjon som han: på leit etter eit betre liv enn det som baud seg i heimbygda. Han og syskena hadde vore på legd og i arbeid sidan dei var 12-13 år. Framtida var ikkje utan vidare lett i Sørfjorden når du kom frå ein fattig strandsitjarfamilie i Holo på Velure.

Eg møtte aldri besten min. Har berre forteljingar om han og foto av ein småbroten mann. Amerika-billetten er på ein måte det næraste eg kan koma besten min. Eg veit at han har hatt billetten i hendene mange gonger. Sannsynlegvis er det enno dna-restar etter han på papiret. For han var billetten starten på ein spennande periode i livet. For meg er papiret vitnemål om ein fjern bestefar og at eit originaldokument inneheld nokre dimensjonar som kopiar og foto aldri heilt maktar å erstatta.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.