Tretoppen

På den vesle eigedomen der besto (far-mor) budde, var det eit høgt og vidt morelltre. I alle fall verka det stort for ein gut på ni-ti år. Bladverket var so tett at når eg fann den rette plassen oppe i toppen, kunne eg sitja usedd og sjå på folk som gjekk eller sykla nede på vegen. Sannsynlegvis gjer minna mine treet mykje større enn det verkeleg var, men det gjer ingenting. Et sat i tretoppen og åt moreller som knapt hadde fått raudfargen, – og som eg eigenleg ikkje hadde lov til. Men der og då hadde eg bokstavleg tala kontroll over det meste. Fri som fuglen, sidan ingen såg meg (trudde eg) og fullt oversyn over det som skjedde der nede på marka. I tillegg åt eg det beste ein smågut kunne tenkja seg ein sein junidag i fruktbygda Lofthus: søte, raude moreller. For lokalkjende kan eg opplysa at det var «verders»-moreller, eller «Wederske», som me skreiv på leveringslappane på kassane som skulle til fruktlageret.

Aldri seinare har eg opplevt den gjennomstrøymande kjensla av å vera so fri og samstundes ha oversyn over det meste her i livet. Treklatringa seinare har som oftast stoppa på vegen opp. Klatreruta vart stundom for vanskeleg, eller ein måtte sjå å koma seg ned att før nokon skar vekk greinene ein trong for å koma seg velberga ned. Dei søte morell-bæra i toppen har dessutan heller kort levetid. Bladverket på trea fell av kvar haust, og då vil ein sitja på utstilling i tretoppen som ein figur som ikkje har hatt vit til å koma seg ned att på jorda i tide. Men du og du kor gode minna kan vera om dei søte morellene i toppen på eit morelltre, der ein kunne gøyma seg litt frå resten av verda. Det er minne som får fram ein liten smil der ein tuslar av garde med solid bakkekontakt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.