Velure i verda

Det finst (nesten) berre éin stad på denne jorda som heiter Velure. Det er i alle fall berre éin stad som har slike majestetiske nutar som ragar opp over fjorden og kikkar ned på dei små jordstripene med frukttre ved Sørfjorden, Velure-gardane. Me er 114 sjeler i Noreg som har Velure som etternamn. På eitt eller anna vis har desse personane tilknyting til Velure-gardane. Me er likevel ikkje i slekt alle saman, og me bur på ulike stader i landet.

I den store digitale nettheimen kan ein finna det mest utrulege. M.a. har eg funne ut at det faktisk finst to gater som heiter Velure Street. Den eine gata er eit fint bustadområde i Las Vegas, Nevada. Låge villaer på begge sider av ei tilsynelatande roleg gate. Den andre gata finn me i Houston, Texas. Det er meir ei bakgate som går langs eit bygningskompleks med garasjar, ser det ut til.

Velure som etternamn finst det mange døme på i USA. Mange frå Velure utvandra på slutten av 1800-talet, både frå mi slekt og frå andre «hus» på Velure. Ein god del av dei har halde på etternamna sine. Kanskje er Velure nesten like vanleg i USA som i Noreg, i alle fall om ein skal døma etter telefonlistene. Sannsynlegvis må det ha vore ein eller annan Velure-person som har gjort seg fortent til å få ei gate kalt opp etter seg i Houston og Las Vegas. Kven det kan ha vore, veit eg ingenting om, men i telefonlistene er det registrert Velure-folk både i Nevada og Texas. Eg veit òg om utvandrarar i Nord-Dakota frå Velure som kalla garden sin for Velure Farm.

Heilt til nyleg har eg trudd at når Velure-namnet dukkar opp i utlandet, so må det vera folk som har utvandra frå Velure. No er eg ikkje so sikker lenger. I nettheimen finn eg informasjon om folk med etternamn Velure i Frankrike frå 1700-talet og framover. Også i England dukkar Velure opp som slektsnamn på 1700-talet. Utvandring frå Velure er usannsynleg på den tida. Det må vera anna opphav for desse Velure-namna enn Velure-garden. Førebels har eg ikkje gode svar, men det er grunn til å nemna at seint på 1500-talet vart ordet ‘velure’ brukt for fløyel på engelsk. I somme ordbøker står framleis skrivemåten ‘velure’ for fløyel eller fløyelliknande stoff. På fransk- og på norsk – er skrivemåten «velour». Kanskje har dei engelske og franske Velure-namna samanheng med dette. Eg må nok sjekka meir.

Av dei meir kuriøse døme på Velure-namnet kan nemnast ein «skjønnhets»-salong i Warszawa, eit pop-band i Australia, og tidlegare var det ein pub i Dublin som heitte Velure Pub. Det finst også eit laser-instrument for å behandla hud-plager, og det har merkenamnet Velure. Og i India er det ein tamilsk landsby som heiter Velure. Samanhengen med Velure-gardane er lik null, vil eg tru. Men lell då, gut!

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.