Farvel til eit dialektmerke?

Ein forskar kunne nyleg fortelja at dei unge i Sogndal i stor mon hadde slutta å bruka diftongen «ao» for «å». Det heiter ikkje «baot» lenger, men «båt». Dei vert ikkje «saore» lenger, men «såre». Ao-lyden har lenge vorte rekna som eit sterkt dialektmerke i indre Hardanger, Voss og delar av Sogn. Sjølv kan eg ikkje skilta med forskingsdokumentasjon frå  heimtraktene mine  i Sørfjorden i Hardanger. Når eg er på besøk, kan eg likevel ikkje unngå å leggja merke til at dei unge knapt brukar «ao»-lyden når dei snakkar. Truleg er det få ungdomar i Sørfjorden i dag som har følgjande setning som naturleg talemål: «Aokan(s) baot og dekan(s) aorer». (Vår båt og dykkar årer). I min ungdom var dette testsetninga på om du var skikkeleg harding.

Talemålet endrar seg stendig, og dei mest særprega dialektmerka er vel kanskje mest utsette for endring. Eg må nok vedgå at eg sjølv har gøymt ao-lyden i mange samanhengar. I lange periodar brukte eg normalisert nynorsk som talemål. Det begynte då eg arbeidde i Stockholm i tre år. Seinare brukte eg normalisert nynorsk som rollespråk i situasjonar der eg skulle representera ein institusjon eller organisasjon. Eg har nok sikkert vore skulda for å snakka som ei stortingsmelding i ein del samanhengar. På heimebane og når eg berre er Magne, kjem hardingen og ao-lyden fram att. Ein knote-strategi vil nok fleire kalla det, men det har fungert for meg.

Kanskje er min generasjon og vår barnegenerasjon dei siste som brukar ao-lyden i daglegtale i indre Hardanger. Det er nok mange teikn som kan tyda på at «aokans baot» vert liggjande som ein sprukken holk i fjøra. Ein veit likevel aldri: Kanskje veks det opp nokon som ser seg mon i både «baoten» og «aorena» for å markera at dei er noko for seg sjølve.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.