Å ro

Sjølv om eg vaks opp ved Sørfjorden i Hardanger, var eg ikkje særleg van med robåtar. Me hadde ikkje båt i familien, men bestekameratane hadde. Dermed fekk eg litt erfaring med ein farkost som i tidlegare tider var eit hovudframkomstmiddel i fjordane. Eg fekk ein gong vera med og bruka det vesle seglet som fylgde med robåten. Ein eldre kamerat heiste det opp, og me lét vinden føra oss tvers over fjorden frå Ulvasand til Jåstad, der me gjekk i land. I fjøra fann me ein målingsboks. Den opna me, og med ein pinne skreiv me på svaberget «Me var her». Oppdraget var utført, og me returnerte roande attende til austsida av fjorden. Eg er rimeleg sikker på at ingen på Jåstad nokon gong brukte tid på å finna ut kven som hadde vore i fjøresteinane deira.

Det er noko fascinerande paradoksalt med det å ro. Når du ror, fer du bokstavleg tala baklengs inn i framtida. Tarjei Vesaas formulerer det so enkelt og korthogge i Fuglane: «Ettersom det var rodde han gjorde, såg han heile tida det han reiste ifrå.» Ja då, du kikkar deg ofte over aksla for å sjekka retning og avstand. Men strengt teke møter du framtida med ryggen fyrst, når du ror. Augo er festa mot fortida, det du forlèt. Skal du møta framtida med andletet fyrst i ein robåt, må du hamla (=skuta, skota), og det er ein tungvint og litt puslete måte å koma seg fram på. Å hamla eller å ro, det er det store spørsmålet der me vaglar oss på tofta i livsbåten.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.