Hugskota står ikkje i kø lenger

Hugskota står ikkje i kø lenger,
tankane sviv ikkje i rekordfart,
der dei søkjer seg attende
i tid,
til hendingar med puls
og intensitet,
til kjensla av å vera
på veg inn i ei
evigvarande
framtid.

Eit lite barn peikar
på meg og spør mora
om eg er jolenissen,
sidan skjegget er heilt
kvitt.
Svaret vert slukt i gateståket,
barnet kikkar på meg
ein gong til,
tek mora i handa og
dansar bortetter gata
på veg inn i framtida.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.