Nett dei orda eg ikkje kom på

Nett dei orda eg ikkje
kom på
då eg burde ha sagt dei,
dei orda kvernar rundt
i tankane
medan eg tenkjer ut mange
forklaringar på at
eg var so tankelaus
og fjomsen.
Det kunne ha vorte ei
strålande bok av
alle dei orda
ein ikkje kom på
då ein burde ha sagt dei.

Likefullt er det altfor
mange bøker.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.