Kort rapport frå den verkelege verda

«No må du leggja frå deg desse duppe-dingsane og vera til stades i den verkelege verda!» Sannsynlegvis er eg ikkje den einaste som frå tid til anna får høyra slike klåre meldingar i familiesamanheng. Kvar gong seier eg: «Eg skal berre…», og då kjem boka om Albert Åberg med same tittel opp framfor synsfeltet mitt. Eg legg frå meg telefonen og skundar meg inn i den verkelege verda.

Til den verkelege verda mi høyrer det å vera sentrumshage-eigar i Lillehammer. Eigedomen ligg i eit gatekryss, og det velsignar oss med to fortau. Sjnoryddaren min har funne ut at eg har ca. 80 meter med fortau. På desse fortaua, innåt hagemuren veks det det gras, løvetann, småbuskar og slikt som eigenleg skulle halda seg oppå hagemuren, inne på eigedomen. Vår og sommar må eg difor finna fram reiskap, hanskar og trillebåre og med jamne mellomrom reinska bort alt dette grøne som ikkje skal vera på fortauet.

Det er eigenleg litt interessant å vera ugrasreinskar midt i eit pulserande gateliv, utan å vera ein del av trafikken. Somme kommenterer at eg står tvikrokete, riv og slit i den grøne, uynskte veksten og kastar alt opp i trillebåra. Nabo-kona kviskrar til meg:»Roundup». Eg forstår at ho meiner det er meiningslaust å bruka kroppen på denne måten når eg kan sprøyta flytande giftmiddel på den grøne veksten. Men eg likar ikkje å bruka gift. Kanskje fekk eg mine giftdosar i barndomen då eg stod i kjellaren og rørte rundt i giftblanda væske til å sprøyta frukttrea med. Bladan, DDT, Kaptan og andre godsaker høyrde med til ingrediensane. Nei, det er betre å bruka handemakt for å fjerna styggeskapen. No er det vel ikkje heilt rett å snakka om styggeskap; det er berre litt natur som infiltrerer sivilisasjonen.

Andre som går forbi meg, seier det er godt at nokon tek seg tid til slikt. Eg kan godt få koma til dei også for å utføra same øvinga. Eg takkar høfleg nei og seier at eg klarar meg med det som er på eigne fortau. Brått kjem ein bil køyrande og stoppar på parkeringsluka rett ved sida der eg står tvikrokete. Instinktivt snur eg meg for å sjå om det er nokon som vil snakka med meg. Men nei, sjåføren, ein mann i vaksen alder, er demonstrativt oppteken med å gomla i seg ein hamburgar medan han stirer rett fram. I rettferds namn skal det seiast at ein kropp som vender baksida ut mot gata, og som stundevis sit på huk, og stundevis held baken opp som det høgaste punktet, ikkje verkar særleg innbydande med tanke på samtaler. So der sit han og gomlar, éin meter i frå meg, medan eg riv og slit so raskt eg kan for å koma meg eit stykke frå denne burgargomlande bilføraren.

På fortauet går det uvanleg mange kvinner i ivrig samtale. Dei går to og tre i lag. Ja, sjølvsagt, det er Litteraturfestival på Lillehammer. Det er den veka då kvinneoverskotet på Lillehammer aukar med eit uhorveleg prosenttal. Ein kjenning stoppar opp, skryter av opningsforestillinga for festivalen i Maihaugsalen. Eg fortel at eg har tenkt meg på eit arrangement med Lars Ove Seljestad seinare på dagen. Det er ikkje kvar dag at ein Odda-forfattar gjestar Lillehammer, so eg må nytta høvet.

Etter nokre timar er det grøne på fortaua fjerna. Eigenleg har det skjedd litt av kvart rundt meg denne reinskande stunda. Somt har eg til og med fått med meg. Der seier det kling i mobiltelefonen. Det er nok e-posten med rapporten som eg må lesa før møtet i Oslo i morgon. Men før eg dukka inn i den digitale skoddeheimen, fekk eg med meg Lars Ove Seljestad på Litteraturfestivalen, der han hadde ei god og tankevekkjande samtale med forfattarkollega Ingvild H. Rishøi. Eg var ein av fem menn i ei forsamling som elles talde 70-80 kvinner. Den verkelege verda har absolutt sine ljospunkt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.