Prosentliv

Etter kvart har eg oppdaga at delar av kvardagane mine er styrde av prosentverdiar. Telefonen melder at no er batteriet under 20 prosent, og eg må tenkja på å finna eit ladepunkt. I neste stund får eg melding frå klokka, nettbrettet eller den berbare pc-en. Meldinga er den same: batteriprosenten er låg, og eg må setja i gang tiltak, som det heiter no for tida. Det neste som ventar der framme ein gong, er at bilen må ha straum for å kunna vera bil. Utan å ha vilja eller planlagt det, lever me eit prosentliv, der prosentmeldingar heile tida minner oss på at me må passa på vera nær straumuttak slik at alle hjelperådene våre har nok batterikapasitet til å hjelpa oss.

I oppveksten var prosentrekning noko læraren skulle ha oss til å læra. I kvardagen elles møtte me berre prosentar når me høyrde eldre gutar snakka om 60 og 96 prosent. Somme gonger hende det at me såg den praktiske tydinga av slike prosentsatsar. Elles er det nok grunn til å hevda at me hadde ei prosentfri barne- og ungdomstid, i alle fall samanlikna med det prosentlivet me har no.

Og når eg fyrst er i prosenthjørnet, kan eg òg koma til å tenkja på at min eigen prosentverdi – som er ufatteleg liten, rekna av 5 415 166 personar – minkar for kvar dag som går. Ikkje fordi eg vert eldre, men fordi innbyggjartalet aukar jamt og trutt. Det er litt trøyst å tenkja på at prosentverdien var noko større for 30 år sidan, då me «berre» var 4 299 167 sjeler her i landet. På den andre sida: mange av oss strevar nok med å kjenna oss heilt 100 prosent. Det næraste me kan koma, er vel dei gongene me kan nyta italiensk vin der det står 13,5 prosent utanpå flaska. Avstanden til 100 prosent vil likevel alltid vera stor.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.