Ura

Ura låg der
lenge før
menneskeauga såg henne,
grå, svart, brun
oftast i døkke fargar,

no og då tek
ura mot nye steinar,
stundom heile
ras,
berre for å fortelja
ei sannsoge
at ogso fjell går sundt,
alt går i oppløysing
før eller seinare,

ligg so urørleg,
ura,
urokkeleg,
men ikkje trygg,
heller illevarslande
i all din velde,
steinane ligg hulter
til bulter,
slik tyngdekrafta bestemmer,

god til halda på løyndomar,
ura,
dyr og folk kan forsvinna der,
ting kan gøymast der
og aldri finnast att,

vert aldri ven med
ura,
massive steimassar
minner om at livet
stundom kan vera
gråsteinshardt,
knapt til å rikka

innimellom steinveldet
kan det liggja små, grasgrøne
flekkar,
for den som er heldig
og får auga på dei.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.