Berre ord

Det er berre ord,
seier du,
i det du rissar
ordknivar inn i
den hudlause delen
av forståingsmuskelen min,
berre ord,
seier du,
og hugsar ikkje dei
gongane
då du med ord
strauk varleg
over sjølvkjensla mi,
fekk meg til å vona,
til og med tru
at jamvel
eg
var noko særskilt;
var det berre ord
den gongen òg?

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.