«Helhetsvurdering»

Rett som det er, dukkar det opp eit forløysande ord i det offenlege rommet: «helhetsvurdering». Nyleg vart det brukt i samband med tilsetjingsprosessen som skal gje Den Norske Opera & Ballett ny operasjef. Eigenleg dukkar det opp tidt og ofte, saman med «helhetlig vurdering» eller stundom «totalvurdering». Det er sikkert berre snakk om tid før nokon finn på å seia «helhetlig helhetsvurdering», kanskje også «robust helhetsvurdering». Eit raskt søk på Google gjev resultat som kan få ein stakkar til å svimla. Det er eit hav av «helhetsvurderinger» der ute. Anten det er snakk om å tilsetja nye leiarar, avgjera konkurransar om eitt eller anna oppdrag, eller rett og slett koma med ein konklusjon, står den eine etter den andre og messar med overtydande og alvorleg mine at etter ei «totalvurdering»/»helhetsvurdering» har dei kome til at konklusjonen må verta slik eller slik. Du og du kor trygge me bør vera når nokon snakkar om at dei kan skilta med ei «helhetsvurdering» av saker og ting! Alt er vurdert, all kløkt og alt skjøn er lagt i hatten, og opp trekkjer dei ei «helhetsvurdering».

Eg har nok brukt ordet sjølv, meir enn eg likar å tenkja på. For kva tyder det eigenleg å snakka om ei «helhetsvurdering»? Rettnok skal ein vurdera alle relevante og viktige sider i ei sak, men då å løyna konklusjonen bak floskelen «helhetsvurdering», tyder i grunnen at ein ikkje vil seia meir konkret kva som ligg til grunn for konklusjonen. «Helhetsvurdering» er eit forsøk på gje inntrykk av ei allvitande utøving av skjøn. Sanninga kan av og til vera så enkel at ja, me har ein konklusjon, me er sikre på at konklusjonen er rett, men me vil ikkje seia kva detaljar i vurderinga me har lagt mest vekt på. So bergar me oss ved å visa til «helhetsvurdering».

Skjøn er ingen eksakt vitskap. Ofte vil ulike personar bruka skjønet på ulik vis, og resultatet kan verta ulikt. Nokon prøver å laga finurlege metodar for å uttrykkja skjønsvurderingar med tal. Og når ei skjønsvurdering vert uttrykt med eit tal, er det somme som trur at ho er eksakt, objektiv og uangripeleg og kan setjast to strek under. Sjølvsagt skal ein arbeida skikkeleg med skjønsutøving, men då bør det kunna vera naturleg å seia i klårtektst kva ein har lagt mest vekt på, og kva som er vurdert som mindre viktig.

Neste gong me les om eller høyrer om nokon som forkynner for all verda at dei har kome fram til ei «helhetsvurdering», kan me vera rimeleg sikre på at anten veit dei ikkje heilt veit kva som veg mest, eller so vil dei ikkje fortelja kva dei eigenleg har lagt vekt på. Stundom kan me kanskje omsetja «helhetsvurdering» med «magekjensla». Eller kanskje kan «helhetsvurdering» stundom tyda «det er slik eg vil ha det», eller rett og slett «det er best slik, trur eg»? Poenget er at me kan ikkje vita sikkert kva som ligg bak. Kamuflasjespråk heiter det når ord tilslører og forvirrar. «Helhetsvurdering» er eit slikt kamuflasjeord, altfor mykje brukt og slukt av både mediefolk og oss andre. Prøv neste gong du ser det, å setja inn andre ord som du meiner kan liggja bak kamuflasjeordet. Då forstår du kanskje meir av heilskapen.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.