På største alvor

Dei står der nesten kvar dag,
viktige, alvorlege
personar,
ser inn i kamera,
svarar med djupe røyster
og rituell presisjon:
ja, me tek problemet
på største alvor,
og ja, me skal vurdera om
noko kan gjerast;
dei kunne og burde kanskje ha sagt
at planane var for dårlege,
systemet er for svakt,
nokon har ikkje gjort jobben sin,
men slikt seier ikkje
viktige, alvorlege personar
framfor kamera,
då er det ikkje sikkert at
dei er viktige lenger.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.