På det jamne

Dei jamne, grå dagane
når rutinar rår
og alt er føreseieleg,
dei kan vera feststunder,
ein kan kroa seg inn i
eit teppe av
det attkjennande,
det same som i går,
det same som i morgon,
det same som kvar dag,
ja, nesten då,
nokon brigde må til
for å kunna setja pris på
alt som er
på det jamne.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.