Slett ikkje verst

Når eg les og høyrer på meldingar i alle typar medium, får eg ei sterk kjensle av å leva i eit språklandskap der adjektivinflasjonen herjar. I førjolstida møter eg reklamar og omtaler for ulike førestillingar og hendingar som er «magiske», «mytiske» og «mystiske». Ofte må adjektiva forsterkast med «sjuk» eller til og med «sinnsjukt», utan at eg nokon gong har fantasi nok til å forstå korleis slike tilstandar kan arta seg. Eg har i alle fall aldri opplevt slike trolldomsliknande tilstandar. Det kan verka om om me ikkje lit på ein språkbruk der me held både ros og ris på eit nivå der me har jordkontakt. Alt skal vera so «aoand’yve» (ekstraordinært), som foreldregenerasjonen min ville ha sagt det. Slike gonger lengtar eg attende til ei tid der positive adjektiv var sterke nok i seg sjølve. Det var ikkje nødvendig å fullstendig fara til svadahimmelen for å finna rosande uttrykk om ting me lika. Eg trur at den finaste rosen eg fekk, var dei gongene far sa med smil om munnen: «slett ikkje verst». Då visste eg at eg var på rett veg, men kunne verta betre. Heile tida var det noko å strekkja seg etter. Sannsynlegvis er slik samhandling heilt ute av kurs med kunnige pedagogar, psykologar og alle andre som er overtydde om at me må skryta «aond’yve» av kvar minste ting. Ein annan strategi kan likevel fungera tolleg bra, eller slett ikkje verst.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.