Skispor

Frå togvindauga ser eg
eit skispor bryta ei
lang flate med nysnjo,
eit einsleg spor,
ser ut som ein dobbelstrek
over eit stort, kvitt
lerret;
synet varer ei lita
stund,
so er det berre eit
fundersamt minnebilete.

Kvar kom skisporet frå,
kva var endepunktet,
og kven gjorde noko
so uvanleg å gå på
ski i eiga løype over
eit stort jorde,
når det straks ved gjekk
ei oppkøyrd løype med
minst tre spor?

Spennande med slike som likar best
å setja sporet sjølv,
å ta kontroll over
startpunkt og
endepunkt,
som er sitt eige
løypemannskap.

Til våren er alle spora
borte.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.