Å sjå ut i lufta

Trygt å sitja
å sjå ut i lufta,
ei luft som er produsert
av eit balansert
ventilasjonsanlegg;
skal vera bra,
seiest det.

Å berre sjå ut i lufta,
la tankane surra
i veg
i alle retningar,
ingenting og
alle ting,
samstundes.

røykjedama på balkongen
på andre sida av gardsrommet
har ikkje vore å sjå
på lenge

det er på tide å finna fram
støvugarslangen,

må finna eit betre ord
i den uferdige teksten

slike tankar dett ned
i hausen
når ein sit og ser
ut i lufta.

Frigjerande og styrande.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.