Stikkordarkiv: barn

Undring

Det einaste som er sikkert, er at det er mykje eg ikkje veit. Eller for å vera heilt presis: det meste veit eg ikkje. Det lever eg godt med, ikkje minst sidan eg har møtt so mange hyggelege folk som heller ikkje veit alt. Det er kanskje difor dei er hyggelege.

Det er so rart med det ein ikkje veit. Då kan ein undra seg både over at ein ikkje veit og over korleis det kan vera å faktisk vita. Ramlar du litt av no? Det gjer nok eg òg. Men poenget er at mangel på kunnskap er utgangspunktet for å undra seg, og det å undra seg, vera forviten, er den einaste sikre måten å få vita og dermed også forstå, dersom ein er heldig.

Ikkje noko er betre enn å møta barn som undrar seg. “Det er ikke så godt å vite hva som er hva, og hva som ikke er hva,” sa ein fireåring i omgangskrinsen vår for ei tid attende. Storarta! Det får ein til å tenkja på ord og uttrykk og på måten me ordlegg oss på. Denne fireåringen har sjølvsagt ikkje lært noko om ulike eigenskapar til spørjepronomenet “kva”; men kven lærer slikt i våre dagar? På ein enkel måte får me likevel påminning om språksystemet vårt. Me skjønar, nesten instinktivt, kva som er pussig i barneutsegna, men dei fleste av oss vil ha problem med å forklara kvifor formuleringa er pussig.

Slik er det med dei uventa spørsmåla. I gode stunder får dei oss til å tenkja og undra. Det er kanskje viktigare enn at me veit svaret. Med alderen har eg kome til at det er færre og færre område der det er fasitsvar med to strek under. Verst er det når somme av oss godt vaksne prøver å fortelja kva som er best – fordi det var best den gongen me vaks opp. Sjølv om det ikkje alltid er lett å vilja innsjå det, prøver eg å overtyda meg sjølv, og stundom andre, at det er fullstendig meiningslaust å hevda at me veit best fordi me har levt ei stund. Ja, me har erfaringar, me har kunnskap og innsikt. Men det er ikkje sikkert me har den typen kunnskap og innsikt som trengst for å finna løysingar her og no. Og livet er her og no. I beste fall kan erfaringar vera til hjelp i livet, her og no. Men erfaringar i seg sjølve er berre bakteppe, rekvisittar, som kan vera med å forma livet, her og no.

Eg sluttar aldri å undra meg over at det skal vera so plundersamt å vilja akseptera at erfaring er eit gode med avgrensa verdi. Kvar gong eg og andre bruker erfaring som svar på utfordringar her og no, og det utan å undra seg det slag, då blinkar det raudt ljos både her og der. Nei, gjev meg ei høgt utvikla evne til å undra meg slik at eg stendig kan prøva om erfaringa mi har noko for seg!

Share