Stikkordarkiv: bøker

Bokhyller

Bokhyller har éi oppgåve her i livet: å la seg fylla med bøker, publikasjonar, dokument, CD-ar, DVD-ar, ja, dei fleste fysiske former som kan romma tekst eller lydfestingar. Bokhyllelivet er å ta vare på mykje av det som kan gjera livet meir kunnskapsfylt og glederikt for oss menneske. Når ei bokhylle er full, er det eit naturleg planleggingsprosjekt å finna rom til nye bokhyller, slik at ny kunnskap og ny glede kan fylla heimen.

Slik burde det vera – alltid. Men slik er det sjeldan. No har eg i tillegg kome til ein vanskeleg fase – eg er freista til å bruka eit godt, svensk ord for å fargeleggja situasjonen – eg har kome til ein «fasansfull» fase. Eg skal forlata eit gamalt og romsleg hus, der eg har kunna supplera med nye bokhyller etter kvart som hyllene fyltest opp. Slik vert ikkje framtida. No er den «fasansfulle» utfordringa å tøma bokhyller, og eg vil ikkje ha plass til like mange bøker i det nye husværet mitt. No må eg redusera talet sterkt. Med andre ord: eg må bryta ein gledefylt, innarbeidd vane med å auka bokmengda og dermed talet på hyllemeter. For å seia det direkte og brutalt: eg må finna ut kva bøker eg skal ha med meg, og kva eg skal kvitta meg med.

Uhorvelege problem står i kø. Skal eg framleis ha med meg tiårsvis med årgangar av norske og utanlandske fagtidsskrift, publikasjonsseriar, Syn og Segn, Spelemannsbladet/Folkemusikk, osv, osv? Namnelista er uendeleg. Berre å skriva desse orda får boktraume til å stråla gjennom pensjonistkroppen. Kva skal eg prioritera, faglitteratur eller skjønnlitteratur? Kanskje kan eg la skjønnlitteraturen fara, fordi den kan eg låna på biblioteket, når eg kjenner for det. Det er verre med faglitteraturen, i alle fall den eg nesten er åleine om å ha her i landet.

Slik kvernar tankane i hovudet mitt, seint og tidleg. Det er lettare med ting, klede og sko. Anten har du bruk for dei, eller so har du det ikkje. Då handlar du deretter. Det er mykje verre med bøker. Det er knapt ei bok eg ikkje kan koma til å få bruk for ein eller annan gong i ei nær eller fjern framtid. Slik tenkjer eg, sjølv om lang erfaring prøver å fortelja meg at 80 prosent av dei bøkene eg har, har eg aldri sett i dei siste 10 åra. Men då skundar eg meg å minna meg på dei (få) gongane eg har har hatt bruk for ei obskur bok, som eg fann etter lang og grundig leiting.

Slik tvilar eg meg fram, på den vanlege måten min. Eg finn ut at nokre diktbøker eg ha med meg. Dei er heldigvis ikkje alltid so romfreke. Ein og annan romanen må òg få lov å fylgja med. Med ei blanding av magekjensle og illusorisk fornuft saumfèr eg nesten kvar bok og sorterer  i to kategoriar: éin for framleis liv i lag med meg og éin for ei framtid i lag med andre. Eg vert nok nøydd å ringja Arne-Ivar Kjerland og Nynorsk Antikvariat. Han har mange bokhyller.

Gravityscan Badge

Share

Å snakka med bøker

Ja, du les rett, eg «snakkar» med bøkene når eg les dei. Knapt til å forstå, vil dei rundt meg seia, sidan eg ikkje nett er kjend som ein særleg pratsam fyr. Tagal er vel ein meir treffande karakteristikk. Men bøker snakkar eg med, alltid. Det er ei indre samtale som ingen rundt meg kan merka, trur eg. Det er i grunnen ein indre monolog, skal eg vera ærleg. men eg likar å kalla det ei samtale; det høyrest meir sosialt ut.

Det startar med at eg går «i dialog» med dei personane som dukkar opp på dei fyrste sidene. «Kven er du for ein?» er standard innleiingsspørsmål. «Trur eg på deg? Er du eit sannsynleg menneske, sjølv om eg ikkje likar deg?» «Forstår eg det du strir med, gjer eller tenkjer på?» Slik sit eg og saumfer persongalleri og den forteljinga som utviklar seg i boka. Eg prøver å førestilla meg staden, husa, omgjevnadene der det heile går føre seg. Heile tida stiller eg spørsmål og undrar meg, undrar på om det som eg les, verkar truverdig. Eg treng på ingen måte lika eller kjenna sympati for dei personane som dukkar opp i boklandskapet. men eg må tru på dei, tru at dei kan vera, eller kan ha vore, verkelege personar. Og so må klangbotnen i boka kunna spela saman med tankar og kjensler som vert lokka fram i meg.

Somme vil nok kalla meg ein kranglevoren lesar. Ikkje sjeldan kjem eg i konflikt med både personar og forteljing. Slike gonger kjem eg ofte i dårleg lune etter kvart som eg les og pratar med boka. Møter eg samstundes slapt og ugjennomtrengeleg språk, haltande og inkonsekvente skildringar både av personar og omgjevnader, hamnar boka i ein veksande haug med påbegynte, men ulesne bøker. Det tek eg med stor ro. Me er alle ulike som personar, og det gjeld sjølvsagt når me pratar med bøker òg. Det som appellerer til andre, treng på ingen måte gå heim hjå meg og omvendt. Slik er det berre og på ingen måte problematisk.

So hender det då, eigenleg ganske ofte, at eg oppdagar etter ei stund at eg er tagal i møtet med boka. Faktisk har eg halde kjeft ei heil stund. Då er det feststunder. Då har boka teke meg til fange, soge meg inn i universet sitt og held meg der. Då har forfattaren lukkast, i alle fall med meg. Eg forstår, eg trur og eg lever med. Dei innleiande, litt kranglevorne spørsmåla har fått fullgode svar.

Best trivst eg i lag med lyrikk. Denne opne, frie, litt uføreseielege tekstforma, der tekstane kan vera nakne, korte, men likevel so innhaldsrike, har gjeve meg mange feststunder. For all del, eg har møtt kleine tekstar i det landskapet òg. Det har hendt nokre gonger at eg har surra rundt i langhalm og funne lite føde for tankar og kjensler. På sitt beste kan likevel gode lyrikktekstar ha ein overjordisk dimensjon, om det er råd å bruka slike uttrykk av ein som til vanleg står trygt planta i litt fuktig myrjord.

Livet har lært meg at det finst både gode og dårlege samtaler. Somme av dei beste samtalene mine har eg hatt med bøker, og det fine er at det kjem nye samtalepartnarar kvart år.

Share