Stikkordarkiv: Det Norske Samlaget

Ordbøker

Norsk ordbokEg hadde gledd meg til ei høgtidsstund i påskehelga. Det er ei god stund sidan Det Norske Samlaget sende melding om at ein pakke med 12 bind i serien Norsk Ordbok – Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket var på veg til Lillehammer. Ingen pakke kom til påske, so no må eg klara meg med tanken på den gleda det skal verta når pakken er framme. Eg har kome til at Samlaget har rekvirert hesteskyss til denne sendinga, og det er ikkje heilt beinveges i våre dagar. Somme gonger er eg utstyrd med ein dose tolmod, so gleda skal verta stor, når bøkene ein gong kjem i hus, til våren ein gong.

Eg kan levande førestilla meg korleis det vil verta å opna pakken. Det vil lukta trykksverte og nyinnbundne bøker. Eg ser for meg at eg nesten vil kunna lukta den intellektuelle sveitten som har gått med sidan 1930 i alle dei årsverka som ligg bak det ferdige bokverket. Luktopplevinga i seg sjølv vil verta meir som ein liten rus. Eg har sett at kvar bok er ein skikkeleg murstein; vil liggja stødig og godt i fanget når eg kroar meg i godstolen for å godgjera seg med det ovlege ordtilfanget. Over 333 000 oppslagsord kan eg kosa meg med. For kvart ord får eg vita mykje forvitneleg, kva det tyder, kvar og korleis det har vore brukt, både i dialekt og i litterær samanheng. Storarta lesnad når ein kjem over ord som er ukjende, og som ein vil vita meir om.

Eigenleg er det ufatteleg kor mange ord me ikkje bruker. Til og med dei som er skikkelege tothol, bruker berre ein liten del av det store ordtilfanget me har til disposisjon. (I den digitale utgåva av ordboka finn ein at tothol er «ein som masar og tyt». Hardanger er ikkje oppførd som ein av heimfestingane for ordet, men eg kan lova at både ord og folkeslag kan observerast i Hardanger med.) Det finst glupingar som meiner å ha funne ut at ein gjennomsnittleg norskbrukar gjer seg bruk av 3-4000 ord. Nokon har òg rekna seg fram til at Henrik Ibsen brukte 28 000 ulike ord og Hamsun 31 000. Det som er sikkert, er at ordtilbodet er mange gonger større enn det som ein bruker. Og det skal ikkje so mykje ekstra språkleg omtanke til før ein kan utvida ordtilfanget og på den måten gjera både skrift og tale litt meir variert og interessant – om ein er heldig.

Ordbøker og oppslagsverk har alltid fascinert meg. Kollegaer hevda at eg er ein hund etter oppslagsverk. Kanskje er det fordi dei skaper ein illusjon av å ha tilgang til uendeleg mykje kunnskap. Favoritten min mellom oppslagsverka er enno det gamle Salmonsens Store Illustrerede Konversationsleksikon. Det er eit dansk leksikon, men med mykje informasjon om Noreg. Fyrste utgåva vart avslutta i 1911. Andre utgåva i 26 bind vart utgjeve i perioden 1915-1930. Grunnen til at eg set so stor pris på dette leksikonet, er at det inneheld mange opplysningar frå den nære fortida, opplysingar som i stor monn er utelatne frå nyare oppslagsverk, fordi dei vert rekna som uaktuelle. Det er vel slikt som heiter å leva i fortida.

Midt mellom store og små oppslagsverk er ei lita bok som er meir i bruk enn dei andre. Det er Halldor O. Opedals Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus frå 2005. Når det dukkar opp ord og uttrykk i minnet, er eg rask å ta fram boka for å sjekka om eg finn orda der. Ofte finn eg dei, medan andre gonger må eg berre lita på minnet mitt. Og minnet er ein upåliteleg tenar; det kan sjeldan tevla med ordbøker og oppslagsverk.

Blogglistenhits

Share

Heilt irrelevant

Eg har alltid vore svak for relevansanalysar. Nyleg måtte me ta inn over oss at nynorsk, både som tale og tekst, er irrelevant for dei som bur på Austlandet og i Oslo. Her er det norsk=bokmål, for ikkje å seia engelsk, som gjeld for å verta forstått i verda. Visdomen om den irrelevante nynorsken er, etter det løynde kjelder kan vitna om, framforska av ein rektor i ein grundig relevansanalyse. Per definisjon er ein rektor allvitande, spesielt dersom han/ho arbeider i Oslo.

Med dette som bakteppe burde denne teksten ha slutta med det fyrste avsnittet, fordi heile teksten er eigenleg irrelevant. For det fyrste er han skriven på nynorsk, og for det andre er den irrelevante skrivaren frå Vestlandet og Hardanger, men har lurt seg til ein tilhaldsstad på Austlandet, og det i mange år. Det var slapp grensekontroll i gamle dagar òg. Som harding og nynorsking har eg til og med arbeidd i Oslo, men sjølvsagt med heilt irrelevante oppgåver i eit departement.

Denne nyvunne, rektorale kunnskapen om nynorsk som irrelevant språk må sjølvsagt resultera i tiltak som i framtida hindrar irrelevante personar å ta seg inn til Austlandet/Oslo. Det gjeld å hindra språkleg uorden i den relevante og einfaldige språkkvardagen. Jon Fosse bør snarast visast bort frå æresbustaden Grotten fordi han bruker eit irrelevant språk, og det midt i tjukkaste Oslo. Ikkje nok med det, han prisar seg lukkeleg over at han er ein irrelevant språkbrukar. Juryen for Nordisk råds litteraturpris bør sjølvsagt få tilsnakk frå denne relevante Oslo-rektoren med klår melding om at dei heretter må velja norske forfattarar som skriv på relevant språk. Det er sjølvsagt dei som bruker eit relevant språk, som kan definera kva som er god litteratur.

Kulturministeren bør snarast koma med ei forordning som hindrar Det Norske Samlaget å omsetja italiensk kvalitetslitteratur til nynorsk. Tenk kor stor suksess desse bøkene ville ha fått dersom dei kom på relevant norsk! Det Norske Samlaget bør i det heile tvangsflyttast til Hordaland eller Sogn og Fjordane, der det enno finst eit slag språkleg urfolk som finn meining i å bruka eit irrelevant språk. Dessutan, og det er eit bonuspoeng: det er snakk om å flytta dei irrelevante til område som elles er prega av fråflytting. Målet må vera å samla og hjelpa dei irrelevante språkbrukarane der dei opphavleg kjem frå. Her kan det sikkert utviklast relevante utveljingsmetodar, tufta på tilgjengeleg DNA-metodikk for å sikra ei streng, men rettferdig heimsending.

Det Norske Teatret bør sendast på same flyttelasset. Ikkje nok med at dei er avhengige av skattepengar frå folk flest. Dei har hand om verdfulle eigedomar i Oslo sentrum og kvir seg ikkje for å tala til oslofolk på eit irrelevant språk. Slik uorden er utoleleg. Det er på tide å la det relevante Oslo-perspektivet få råda heilt og fullt, ikkje minst no når landet har so mange utfordringar med so mykje som er irrelevant.

F9313CD1-3F5B-46D2-A252791CA5D6AFF1-D91CC22F-F054-455F-8AFEAD5C43AC1587
Blogglistenhits
 

Share