Stikkordarkiv: ettertanke

Alt skal gå so fort

Ja då, det har sikkert noko med alder å gjera. Likevel, eg kan ikkje forstå kvifor mykje rundt meg skal gå so fort. Her om dagen høyrde eg i radioen at folk var irriterte over at lydbøker går for sakte; dvs. farten på innlesinga er for låg. Folk vil redusera tida dei treng for å høyra ei lydbok. Det er som om det er ein konkurranse i å høyra flest mogeleg lydbøker på kortast mogeleg tid. For meg er det ei gåte at nokon ikkje set pris på den gode opplesinga, der pauser, setningstone og framhevingar av viktige ord og uttrykk gjev lesaropplevinga farge, innhald og meining. Slikt er ikkje lett å få fram når det berre er tale om å lesa teksten fortast mogeleg.

Og mange, særleg ungdom, snakkar ufatteleg fort. Lydar og bokstavar ramlar ut av munnen som ein vestlandsbekk om våren. Alt sprutar i veg. Ofte er det dårleg diksjon i tillegg, og då er det berre eitt og anna ordet som når fram til den som gjerne vil høyra kvart ord som vert servert. Då må ein gjera som om ein både høyrer og forstår i von om at tolkingsevna enno er so høgt utvikla at det går bra likevel.

Dette rastlause ynsket om hastverk påverkar meg sjølv også. Eg merkar at eg stendig nøyer meg med å sjekka aviser digitalt. Då er det ofte kortversjonen eg les, sjeldnare dei fulle artiklene. Likefullt trur eg at eg har fått med meg nok innhald.

Sjølv får eg stundom høyra at bloggtekstane mine er for lange. Dei bør ikkje vera over 400 ord, får eg høyra, i alle fall dersom dei skal lesast på telefon. Her om dagen såg eg eit oppslag om at dei unge har vanskar med å lesa konsentrert meir enn eit kvarter. Då kom eg i hug korleis eg sjølv som gutunge opplevde ufatteleg lukke dersom eg kunne få lov gli inn i ei bok i fleire timar.

Kanskje reagerer eg på dette hastverket fordi eg har kome i gjerandsløysealderen, eller pensjonistalderen, som det heiter. Når ein har gjort seg ferdig med daglige fristar for det som skal gjerast, opplever ein kanskje det pulserande arbeidslivet som hastig og rastlaust. Likevel, det er noko urovekkjande der ute når det å kunna oppleva tekstar og bøker med tid til ettertanke, vert oppfatta som bortkasta tid. Ettertanken har berre eitt krav for å kunna ha effekt: tid til å tenkja tankane gjennom. Men kanskje er det eit aldersteikn at ein set pris på ettertanken.

Share