Stikkordarkiv: fjorden

Fjordutsyn

Augo svevar
som sansedronar
ut over
fjordlandskapet,
syg inn
fargepikslar frå
bakkar, haugar,
lier, fjelltoppar,
endelause rekkjer
av frukttre,
og som eit funklande
sentrum
– fjorden.

Sansane formar ei
fargeutskrift
der landskapet fyllest
med levd liv,
mykje levd liv,
kvardag og helgedag,
strevande voner,
luftige draumar,
tunge lagnader,
solfylte augneblinkar
av lukke,
og midt i det heile
– fjorden.

Fjorden slepper ikkje
taket.

Share