Stikkordarkiv: gjerandsløysealderen

Utkonkurrert

Når ein har kome i gjerandsløysealderen, er ein i grunnen utkonkurrert, i alle fall i yrkeslivet. Det er heilt greitt. Teoretisk sett skal ein då ha utført det som kunne ventast av ein, med dei rammevilkåra og tilfeldigheitene som var der. I gjerandsløysealderen er det so mykje anna som kan fylla tida. Eg har oppdaga at ein kan bruka dagane til å sjå på fjernsyn; om ein orkar då. Ja, for det kan vera eit ork. I utgangspunktet tenkte eg at no kan eg kanskje sjå kva som er på alle dei kanalane eg abonnerer på, men som eg tidlegare aldri hadde tid til å vera innom. Det gjekk ikkje lenge før eg forstod at skal det vera eit populært fjernsynsprogram, må det vera ein konkurranse. Nokon skal vinna eller stemmast fram, medan andre – og det er dei fleste – skal luska heimatt som taparar. Sjargongen vil rettnok ha det til at alle som er med, er vinnarar. Men det trur dei ikkje på sjølve eingong. Tonefall og kroppsspråk fortel at dei kjenner seg som det dei er – utkonkurrerte taparar.

Det er ikkje den ting det ikkje kan lagast konkurransar om. I idrett er det greitt; utan konkurransar, hadde det ikkje vore nokon idrett. Men no gjeld det i tillegg matlaging, gardsarbeid, arbeidsteknikkar, dirigering, speling, synging, diagnostisering av sjukdomar og mykje anna rart. Ikkje eingong fantasien kan setja grenser for kva som kan konkurrerast i på fjernsyn. Dei mange som meiner at all utvikling i verda er tufta på kokurranse, har strålande tider. Di meir omfattande og meir raffinerte konkurranse-metodane vert, di lettare kan dei sterke og utkropne skapa samfunna i sine bilete. Det overfylte konkurranselandskapet i fjernsynsverda avspeglar berre at me lever i samfunn der det høgaste idealet er å fremja konkurranse. Det skaper vinnarar. Det er dei som driv verda og samfunnsutviklinga framover. I alle fall likar dei å tru det sjølve. Dei utkonkurrerte, dvs. det kjempestore feirtalet, skal applaudera og kjenna seg lukkelege over at dei har vinnarar å heia på.

Likevel – eg vågar å kviskra fram eit ørlite ynske: eg skulle gjerne ha sett ein konsert, på fjernsyn, der dirigenten dirigerer fordi hen vil skapa musikk, ikkje berre for å vinna over nokon andre som heller ikkje kan dirigera. Men slik tenkjer kanskje berre ein utkonkurrert.

Share

Alt skal gå so fort

Ja då, det har sikkert noko med alder å gjera. Likevel, eg kan ikkje forstå kvifor mykje rundt meg skal gå so fort. Her om dagen høyrde eg i radioen at folk var irriterte over at lydbøker går for sakte; dvs. farten på innlesinga er for låg. Folk vil redusera tida dei treng for å høyra ei lydbok. Det er som om det er ein konkurranse i å høyra flest mogeleg lydbøker på kortast mogeleg tid. For meg er det ei gåte at nokon ikkje set pris på den gode opplesinga, der pauser, setningstone og framhevingar av viktige ord og uttrykk gjev lesaropplevinga farge, innhald og meining. Slikt er ikkje lett å få fram når det berre er tale om å lesa teksten fortast mogeleg.

Og mange, særleg ungdom, snakkar ufatteleg fort. Lydar og bokstavar ramlar ut av munnen som ein vestlandsbekk om våren. Alt sprutar i veg. Ofte er det dårleg diksjon i tillegg, og då er det berre eitt og anna ordet som når fram til den som gjerne vil høyra kvart ord som vert servert. Då må ein gjera som om ein både høyrer og forstår i von om at tolkingsevna enno er so høgt utvikla at det går bra likevel.

Dette rastlause ynsket om hastverk påverkar meg sjølv også. Eg merkar at eg stendig nøyer meg med å sjekka aviser digitalt. Då er det ofte kortversjonen eg les, sjeldnare dei fulle artiklene. Likefullt trur eg at eg har fått med meg nok innhald.

Sjølv får eg stundom høyra at bloggtekstane mine er for lange. Dei bør ikkje vera over 400 ord, får eg høyra, i alle fall dersom dei skal lesast på telefon. Her om dagen såg eg eit oppslag om at dei unge har vanskar med å lesa konsentrert meir enn eit kvarter. Då kom eg i hug korleis eg sjølv som gutunge opplevde ufatteleg lukke dersom eg kunne få lov gli inn i ei bok i fleire timar.

Kanskje reagerer eg på dette hastverket fordi eg har kome i gjerandsløysealderen, eller pensjonistalderen, som det heiter. Når ein har gjort seg ferdig med daglige fristar for det som skal gjerast, opplever ein kanskje det pulserande arbeidslivet som hastig og rastlaust. Likevel, det er noko urovekkjande der ute når det å kunna oppleva tekstar og bøker med tid til ettertanke, vert oppfatta som bortkasta tid. Ettertanken har berre eitt krav for å kunna ha effekt: tid til å tenkja tankane gjennom. Men kanskje er det eit aldersteikn at ein set pris på ettertanken.

Share