Stikkordarkiv: gløymske

Kva var det eg skulle hugsa på?

Har du òg det slik? At du tenkjer sterkt på kva du skulle ha hugsa på, utan å koma på det? Innimellom, rettnok sjeldnare og sjeldnare, kjem eg på noko som eg trur er lurt, eller høyrer noko som eg gjerne vil hugsa: ei hending, ein replikk eller ei soge. Då seier eg til meg sjølv: dette skal eg hugsa på, men det passar ikkje å notera nett der og då. Litt seinare prøver eg å rekonstruera det lure som eg kom på eller høyrde. Men nei, det er fullstendig vekke. I beste fall kan eg koma på situasjonen og tema, men den lure ideen, eller gode replikken er ikkje å få fram i minnet. Alt det lure kunne like godt ha fylgt ei Velure-skrede i fjorden; heilt borte, oppløyst i fjordavatn.

Slik går då dagane, der det eine gode påhittet etter det andre kverv. Det finst sikkert mange fine diagnostiske termar for denne kvardagsgløymsla, men dei bryr eg meg ikkje om. Eg er berre so hoppande glad dei få – og stendig færre – gongene eg faktisk kjem på det skulle hugsa på. Då breier eg meg i mi eiga sjølvkjensle og seier til meg sjølv at det meste er betre enn ein kunne tru.

Når eg tenkjer etter i eit meir nøkternt og sjølvransakande perspektiv, må eg nok innsjå at korkje eg eller omverda går glipp av so mykje om eg ikkje kjem på all dei gode ideane og tankane som ikkje vil festa seg. Det er litt likt ei soge som ein spelemann fortalde ein gong. Dei var nokre som spelte inn i plate i eit studio i Oslo. Etter ei lang økt på dagtid, gjekk dei på byen. Dei passa på å fukta talenta sine, og på veg til hotellet kjende dei seg i storarta speleform. Dei bestemte seg for å gå i studio på nytt. Dei måtte verkeleg spela ut alt det kunstnarlege overskotet som brusa i kropp og sinn. Dei so gjorde. Neste føremiddag skulle dei forventningsfulle høyra på det ofselege spelet dei hadde stått for kvelden før. “Ikkje noko var brukande på plata,” sa spelemannen lakonisk då han fortalde om hendinga.

Slik er det nok med dei lure tankane eller ideane som ikkje vil festa seg. Dei fleste er berre småglimt som lyser opp situasjonen der og då. Og dei høver best til akkurat det; små ljosglimt som får ein til å oppleva gleda over å kunna orientera seg i omverda, og i tillegg tru ei lita stund at ein enno kan tenkja noko lurt. Augneblinksgleda skal ein ikkje kimsa av. Det gjeld anten ein hugsar, eller ikkje hugsar det ein skulle hugsa på.

Share

Gløymske

Eigenleg burde denne teksten vera heilt unødvendig. Alle som har levt ei stund, veit at gløymske er ein av dei viktigaste overlevingsmekanismane våre. Og då tenkjer ikkje på den gløymska som er sjukleg og som har eigen diagnose. Nei då, eg tenkjer på den allmenne eigenskapen som gløymska er for dei fleste av oss. Ingen ville ha halde ut å hugsa kvar minste detalj frå dei dagane me har bak oss. Me ville ikkje ha kome oss vidare i livet, men i staden surra rundt i negative tankar om alt me burde ha gjort annleis. Ja, sjølvsagt ville me ha hugsa dei positive detaljane òg. Men tenk deg den vanskelege balansen det ville vera å ha oversyn over alt det  negative og alt det positive i liva våre, og det på éin gong. Då måtte hjernen ha vore skrudd saman på ein heilt annan måte. Me kan trygt overlata det til robotane i framtida å utvikla slike monsterhjernar som hugsar alt, kva no det skal vera godt for.

I den seinare tida har det kome ytringar som tyder på at somme ikkje vil akseptera at gløymske er ei heilt naturleg, menneskeleg evne. Eg forstår ikkje kritikken mot overarbeidde og nedlessa politikarar som berre oppfører seg som vanleg folk, for ikkje å seia som folk flest, når dei vedgår med opne augo og for ope tv-kamera at dei har gløymt saker og ting som skjedde for mange år attende. Det skulle berre mangla. Og tenk deg korleis politikarane ville ha hatt det, dersom dei skulle gå rundt og hugsa på alt dei har sagt og lova. Det hadde ikkje vore ein einaste politikar å oppdriva. Det er gløymska som held dei gåande, det trur no eg.

Berre prøv dette sjølv: kva skjedde 2. februar i 2008 i livet ditt? Dersom du ikkje tilhøyrer det mindretalet som skriv dagbok, skal eg vedda neste lottogevinsten min på at du har gløymt det, med mindre det var bryllaupsdagen din, åremålsdagen, eller at partnaren slo opp med deg nett den dagen. Det meste av innhaldet i vanlege kvardagar forsvinn frå minnet, og takk og pris for det.

Det er ein kvalitet med livet av og til å kunna setja i gang gløymeprosessane og få vekk alt som me ikkje vil eller bør hugsa. Det gjer livet lettare, til tider gledefullt. Gløymska lèt oss med frimod gjera dei same feila på nytt, fordi me har gløymt at me har gjort dei tidlegare. Gløymska får oss til å helsa fleire gonger på same personen. Gløymska får oss til å oppleva hendingar som om dei var nye og ukjende. Gløymska gjev oss sterke opplevingar av stendig å oppleva noko nytt. Det i seg sjølv er positivt.

I tidlegare tider var det på moten å starta politiske parti som var mot eit eller anna i samfunnet. Eg har sysla med tanken på å starta ei folkerørsle for retten til å gløyma. Det er kanskje på høg tid, før samfunna våre vert overtekne av overivrige robotar med monsterhjernar som set æra si i å hugsa alt. Berre tanken sender kalde elingar nedover ryggen min.

Gravityscan Badge

Share