Stikkordarkiv: gråfargar

Byråkratiet

Byråkratiet er eit trygt landskap å vera i. Ingenting er svart eller kvitt. Det finst berre gråfargar, minst 51 nyansar, kanskje fleire.

‘Kanskje’ er eit hovudord i navigasjonsspråket, det same er ‘men’, men det bør ein ikkje seia høgt.

Vegane i byråkratilandskapet har aldri ljoskryss, berre rundkøyringar. Finn ein ikkje ei høveleg utkøyrsle, kan ein surra rundt og rundt ei stund. Det er alltid nokon som dultar til deg og får deg ut i ein blindveg. Der kan ein gøyma seg ei stund, studera grånyansar og kanskje oppdaga nye. Samfunnet får aldri nok av grånyansar, det trengst som motvekt mot alt det fargerike som trugar med å overmanna oss.

Det beste for oss byråkratar er at andre har ansvaret for det me gjer, politikarar og slikt. Det er alltid godt å ha folk til å ta ansvar, spesielt når det er snakk om skuld. Æra kunne me nok ha klart å bera sjølve, men å la andre ta æra, er nok prisen å betala for å sleppa skuld.

Me byråkratar forstår kvarandre utan å bruka for mange ord. Utanforståande trur ikkje på det, fordi dei tykkjer me er altfor ordrike når me kommuniserer med omverda. Dei forstår ikkje at det trengst mange ord når ein eigentleg ikkje har so mykje å seia.

Det viktigaste hjelpemiddelet ein byråkrat har, er rutinar. Ein byråkrat utan faste rutinar eksisterer berre i teorien. Eller sagt på ein annan måte: ein byråkrat utan rutinar kan ikkje vera byråkrat. Då bør han heller vera politikar eller eit vanleg menneske.

Share

Gråfargar

Lenge har eg undra meg over at gråfargen ofte vert framstilt som noko mindreverdig. «Kommunegrått» er det noko som heiter. Det er visstnok meint litt svivyrdsleg og nedsetjande. «Grå mus» er ei anna nemning som heller ikkje er meint som ein smeikjande kompliment. For ikkje å snakka om «ein grå byråkrat», og dei finst det mange av. Innimellom tek eg mot til meg for å protestera mot denne nedrakkinga av det som er grått. Eg meiner, og har heilt sikkert rett, at grått i alle nyansar er vakkert. Det verkar trygt, attkjennande, inneheld få overraskingar og utfordrar aldri fargesynet, om du skulle ha problem med det. Berre det er ein kvalitet i seg sjølv. Og tenk på sylvgrått i hår og skjegg, det fortel omverda om levt liv, stundom til og med om røynsle og klokskap, om ein er heldig.

Men, nei, grått i alle nyansar har ofte noko smånegativt over seg. For all del, i dei seinare åra har  både klede og møblar vore dominerte av gråfargar. Slik sett har det vore framgang å spora. Likevel, når ein person vert omtala som litt grå (og kjedeleg), er det ikkje meint som ein høgsong. Kvifor, har eg  spurt meg sjølv, skal alle desse fargenyansane mellom kvitt og svart verta oppfatta som litt negativt, spesielt når dei vert knytte til personar? Ja då, eg veit at det finst personar som absolutt ikkje kler svart og/eller grått. Men det burde ikkje vera grunn nok til å stempla det gråe som mindreverdig.

Sjølvsagt kan det vera grunn til å misunna desse som kan omgje seg med brikjande fargar. Dei vandrar bokstavleg tala rundt som fargeklattar og livar opp for alt og alle rundt seg. Visst er det festleg, det er ikkje det. Men dersom alle skulle gå rundt som slike fargeklattar, ville ingen leggja merke til dei. Her kjem alt det gråe inn som eit heilt nødvendig, balanserande bakteppe for fargeprakten. Utan det gråe rundt seg hadde fargane vore mindre prangande, nesten meiningslause.

Difor, neste gong du er i ferd med å seia noko smånegativt om det som er grått, då skal du tenkja på at utan gråfargane hadde ikkje dei brikjande fargane vore so iaugnefallande og festlege.

Share