Stikkordarkiv: hacking

Hjerne-hacking

Det er ikkje ofte eg opplever eit snev av redsle. Men her om dagen skein ei overskrift mot meg, der det stod «Kan hacke hjernen din». Avisoppslaget inneheldt eit foto av ei ung kvinne, slett ikkje usjåeleg; snarare tvert imot. Ho skal vera i stand til å trengja seg inn i hjernen din og få deg til å hugsa saker og ting som du aldri har vore med på. Eg kjende korleis hacker-redsla kom krypande oppetter ryggsøyla, eller meir presist: det som måtte vera att av ryggsøyla etter eit langt byråkratliv. Sidan eg frå tid til anna møter både unge og godt vaksne kvinner som slett ikkje er usjåelege, fekk eg ei stigande, uroleg kjensle av at eg er hjerne-hacka, utan at eg klår over det. Spesielt skræmande er det å tenkja på at alle dei gode minna, som eg til og med deler som tekstar på bloggen min, berre kan vera oppspinn. «Dikt og forbannet løgn», som ein kjend, ikkje-eksisterande person ein gong skal ha sagt, og dette skal vera hacka inn i hjernen min av ei eller anna kvinne som ikkje er usjåeleg. Ein kan verta skuggeredd av mindre.

Eg treng ikkje hjelp frå slike hackar-damer for å forstå at dei tidlegaste minna mine ikkje er reelle minne i den meining at eg kan «hugsa» dei. Dei har vorte fortalte meg av foreldre og slekt på ein måte som gjer at eg «trur» eg minnest. Eg hugsar t. d. at eg sat i ei lita dokk ovanfor «storevegen», der biltrafikken gjekk, og såg på ein stor, raud og kvit HSD-buss som stod parkert ved vegen. Far var bussjåfør på den tida, og eg – mellom to og tre år gamal – hadde stukke heimanfrå for å sjå på «nudeleg pappabil». Eg «hugsar» at morbror min fann meg og tok meg med heim att. Det hadde vorte stort oppstyr då dei oppdaga at småguten var borte. Eg reknar med at dramatikken i forteljinga tidleg gjorde inntrykk på meg, og so har eg laga meg eit «minne», passeleg spennande for ein liten gutunge.

No veit eg om personar som av og til gjerne skulle ha visst kva dei har vore med på. Dei ville sikkert ha sett pris på å møta hjerne-hackarar, spesielt dersom dei ser so bra ut som dama på fotografiet. Problemet deira er nemleg at dei ikkje kan hugsa nokon ting. Slik sett er det nesten det same kva som vert hacka inn i minnet til desse karane (ja, det er berre karfolk av denne typen eg kjenner). I desse tilfella er det snakk om å fylla svarte minnehol med eitt eller anna, omtrent som ein tannlege av og til må rotfylla ei tann. Det er ikkje spesielle krav til sanningsgehalt. Det er nok at det er sannsynleg. Eit ekstra problem kan av og til vera at damer som ikkje er usjåelege, er involverte i at stakkarane går rundt med minnehol om viktige timar. Då er det nok grunn til å kjenna seg hacka både framme og bak.

Men so til desse damene som ikkje er usjåelege, men som kan få deg til å hugsa ting du ikkje har vore med på. Moralen må vera at ein held seg på mange armlengders avstand til kvinner som ikkje er usjåelege. Det må gjelda uavhengig av alder. Og snart kjem dei vel i robotutgåver òg. Då vil ein sikkert knapt vita kven ein er, langt mindre om ein eksisterer. Hjerne-hacking er truleg meir omfattande og fårlegare enn det eg kan minnast.

Share