Stikkordarkiv: kunnskap

Alternative fakta

No ser framtida ljos ut. Endeleg kan alt eg har lyst til å tru, og som eg trur eg ser, presenterast som alternative fakta, til og med i fleirtalsform. No kan eg, kvar gong eg køyrer langs Mjøsa og ser ut over den stille vassflata, seia til meg sjølv, som eit alternativt faktum, at jau, jorda er flat. I alle fall er Mjøsa det. Slik ser det ut rett framfor augo mine. Eg kan ikkje sjå eit einaste lite teikn som skulle tilseia at jorda er rund. No kan eg tru på det eg ser, og ikkje bry meg om kva kunnskaps-elitar måtte seia og dosera.

Når eg ser denne Trump-karen som leikar president i USA, og som får so mykje urettvis kritikk, då kan eg tenkja sterkt på at alt me ser, er sokalla reality-fjernsyn; det er ikkje verkeleg. Dei spelar roller der nokon skal vera litt sinte og ufine, medan andre er uheldige og må forlata både skjerm og gard. Trump-karen har eineståande evner til å vera den ufine og tøffe krabaten som ordnar opp til beste for alle, i alle fall for seg sjølv og dei han godkjenner som folk flest. Når dei er ferdige med dei daglege fjernsynsinnspelingane, samlast alle som gode vener. Dei skrattar og ler og har lange og gode samtaler om korleis dei har fått nokon der ute til å tru på det dei ser på fjernsyn eller les i desse fullstendig håplause avisene. Eg kjenner at etter kvart som eg skriv dette, og orda tikkar fram på skjermen med svart skrift på kvit bakgrunn, vert innhaldet sannare og sannare. I alle fall kunne det ha vore slik, og det er no jamgodt med at det er slik. Og det burde vel halda, i all fall som alternativt faktum?

Kunnskap er eigenleg oppskrytt. Folk med kunnskap er ikkje lette å verta kloke på. Dei likar ikkje ja- og nei-spørsmål, dei gjer alt so meiningslaust vanskeleg. Dei har ein lei vane til å seia på den eine sida og på den andre sida, og dersom dei i det heile kjem til ein konklusjon (og det er sjeldan), kan det ikkje setjast to strek under svaret. Irriterande, spør du meg. Og kva verdi har kunnskap, når det ikkje fører til krystallklåre svar på alle spørsmål? Nei, då er det mykje greiare å møta folk som snakkar frå levra. Då er det ikkje råd å mistyda kva som er sant og usant, for ikkje å seia rett og urett. Nokon må etter kvart forstå at levra er undervurdert som kunnskapsbase. Det partiet som set på programmet at levertale skal premierast og framhevast i samfunnet, kan sjå ljost på partiframtida.

Eg kjem til å tenkja på ein kar i eit unemnt bygdelag i Gudbrandsdalen. Han hadde det med å ta til seg litt mykje sterk drikke, og slike gonger kunne han sjå både det eine og andre ute i naturen. Ein dagen derpå møtte han naboen og ville fortelja kva han hadde sett dagen før. «Veit du kva eg såg i går? Eg såg ein elefant som klatra i ein telefonstolpe!» «Du var vel dugeleg full då,» svarte naboen. «Ja, men lell då gut,» var det faktuelle svaret.

Share