Stikkordarkiv: lærdom

Vond lærdom

Ikkje all lærdom er god. At somme liv er meir verde enn andre, strir mot det meste mange av oss vil tru og meina. Folk, vaksne og born, vert drivne rundt som buskap i ein avstengd innhegning og må samstundes oppleva bombing og krigshandlingar. Det viser mangel på respekt for menneskeliv som tilhøyrer «dei andre».

Ja, me veit at historia har mange vitnemål om liknande udådar, og ja, me er godtruande som vonar at makt og sjølvrettferd nokon gong skal kunna kombinerast med respekt for at menneskerettar gjeld alle individ.

Kvar dag vert me minte om at somme liv er meir verde enn andre, og den sterkaste har definisjonsmakta.

Når vil me vera i stand til å dra positiv lærdom av historia?

Share

Eg veit med meg sjølv

Eg veit med meg sjølv –
ja, veit eg i grunnen noko
med meg sjølv,
for meg sjølv,
når eg tenkjer meg om?
Eg vart ikkje fødd med kunnskap,
lærdomen eg måtte ha,
har eg fått i kontakt og samspel
med andre.
Kanskje er det éin ting eg
veit med meg sjølv:
utan andre hadde eg ikkje eingong
vore meg sjølv.

Share