Stikkordarkiv: Olav H. Hauge

Gullalder

Når hadde du din gullalder, då du var på ditt beste? For lenge sidan, nyleg, eller kanskje no? Eller går du og ventar på at gullalderen skal koma, kanskje i nær framtid, slik som Olav H. Hauge har formulert det i diktet “Det er den draumen”? Dei fleste av oss kan sikkert ikkje svara slik utan vidare. For dei av oss som har levt ei stund, vil eg likevel tru at mange vil peika attende i tid. Kanskje til glade og lukkelege barneår, til sutalause ungdomsår, eller til dei hektiske og intense åra då borna var småe. Gullalderperiodane vil variera frå individ til individ, alt etter korleis livet har arta seg. Me veit eigenleg ikkje om noko har vore ein gullalder, før etter at me har fått avstand til den konkrete perioden. Då har me sortert ut dei gode minna, gjort dei endå betre og festa dei godt i gullrammer. Me er slik laga at me kan skala bort dei mindre gode minna og reindyrka dei me opplever som positive.

Omgrepet ‘gullalder’ er elles vanleg å finna på samfunnsområde som musikkhistorie, visuell kunst, politisk historie m.m. Felles er at gullalder vert brukt som metafor for å beskriva ein tilstand eller periode der samfunnstilhøve eller kulturuttrykk var på sitt beste og mest fullkomne. Utviklinga etter gullalderen vert oftast vurdert som negativ. Dei gode gullalder-elementa truar med å forsvinna eller verta øydelagde. Difor kan samfunnet stundom setja inn tiltak som tek sikte på å ta vare på, verna og vidareføra, i det minste delar av det som truar med å verta borte. Denne tankerekkja ligg ofte til grunn for t.d. kulturminnevernet og vernetenkinga i museuma. Ikkje minst tanken om at me bør og skal vidareføra ein kulturarv, er tufta på ei førestilling om at me må sikra eit vidare liv for så mykje som mogeleg frå ein tidlegare gullalder.

Stundom kan dyrkinga av ein tidlegare gullalder ta litt overhand, både for einskildindivida og i samfunnet. Når alt var betre før, og samtida ter seg som eit ork, bør det blinka varselljos for nokon kvar. Når problem i samtida skal løysast med å visa til korleis ting vart løyste i fortida, kan det vera på tide å setja seg godt til rette i samtida, sjå rundt seg med kjøleg og sakleg blikk, sortera ut kva som er viktig og mindre viktig og gjera opp ein nøktern status. Då vil me kanskje finna ut at det me skal finna løysingar på, her og no, må tilpassast situasjonen, her og no. Løysingane vil måtta vera ei blanding av gamalt og nytt, velkjent og ukjent. På den måten kan me utvikla oss som einskildindivid og som samfunn. Ja då, det er heilt i orden å ha respekt for det som har vore før, anten me kallar det gullalder eller ikkje. I beste fall kan me til og med læra noko. Likevel, kanskje kan det vera eit lite ynske, slik innimellom, å ordna oss slik at livet her og no kan opplevast som ein gullalder, i alle fall med nokre gylne strålar.

Gravityscan Badge

Share

Fåmælt

Å bruka få ord for å uttrykkja noko fornuftig og meiningsfullt, kan ofte vera vanskeleg. I grunnen er det svært vanskeleg. Ingenting er lettare enn å dura i veg, ausa orda oppå kvarandre i von om at når ordmengda er stor, må det vera noko som når fram. Slik er det nok ikkje. Det er den godt tilhogne bodskapen som når fram, den som bruker dei få orda som trengst for å bera fram, understreka og markera meiningsinnhaldet.

Det er få som har evne til å vera fåmælte på ein god måte, ser det ut til. Olav H. Hauge kunne vera ein meister i å opna opp verda på ein fåmælt måte. Eit praktsykke i så måte er diktet om Osamannen, der sluttreplikken frå Osamannen (og tittelen på diktet) kunne ha vore overskrifta på eit politisk partiprogram. “So gjer ein annan mann ei beine då, sa Osamannen og skauv ifrå”. (So heldige er me nok ikkje med politiske parti for tida. Glattpolerte formuleringar, eller i beste fall parafrasering over det sjølvsagde, ser ut til å vera regelen. Kanskje får me berre dei programformuleringane me fortener.)

Fåmælte personar, derimot, står ikkje alltid like høgt i kurs som fyndige og fåmælte replikkar eller dikt. I tekstutvalet til Norsk ordbok, det sokalla “korpus”, opptrer fåmælt ofte i lag med adjektiv som stille, tilknappa, tverr, tankefull, lågmælt, eller andre eigenskapar som me ikkje utan vidare set pris på hjå dei me omgåst med. Då eg vaks opp, fekk me innprenta i oss at me ikkje skulle prata i utrengsmål. Og innimellom vert hardingane framstilte som eksemplar av manneætta som sparar på to ting: ord og pengar.

Det er vel kanskje slik at det krevst god kjemi og samkvem over lang tid før ein kan læra seg å setja pris på fåmælte personar. Eg veit at det går, men eg lagar inga liste med namn. Og å ha nokon å teia saman med ser eg på som ein livskvalitet.

Det ser ut til at det fåmælte er lettast å setja pris på i skriven form. Her ei lita soge frå serien “Folk or gamal tid” av Halldor O. Opedal. Det er om ein kar som budde på Aksnes i Kvam. (Eg har normalisert språket litt, slik at ikkje-hardingar og ny-hardingar òg kan forstå). “Han Viking bruka ikkje mange uturvande ord. Alt han sa, var stutt og stempla… Ho mor møtte han ein gong, og so spurde ho korleis Madli, kona hans, levde. ‘Vesal. Ligg ein dag. Oppe neste.'”

Meir skal det ikkje til.

Share