Stikkordarkiv: politikk

Dei uerstattelege

Det er nominasjonstider i by og bygd. Dei politiske partia skal setja saman vallister som skal overtyda oss veljarane om at dei har fått med seg eit framifår mannskap, eller team, som det heiter no, som skal få orden på alt som er skakt og vrangt i kommunane. Ære vere dei som stiller opp, og som er villige til å ta ein samfunnsdugnad i styre og stell.

Kvar gong slike prosessar dukkar opp, og det gjer dei faktisk annakvart år, kan me lesa om såra og vonbrotne personar som ikkje har fått den plassen som dei meiner dei fortener, eller som vil gagna partiet. Det kjem meir og mindre klåre meldingar om at utan dei på rett plass – som oftast heilt fremst på lista – vil det gå partiet ille. Ikkje sjeldan viser dei til at dei har gjort ein innsats for partiet i mange, mange år, og det er berre dei som kan få skikk på retning og framdrift i åra som kjem også.

Eigenleg er eg i grunnen litt avundsjuk på personar som er so inderleg overtydde over at dei, og berre dei, kan føra partiarven og det politiske arbeidet vidare på ein fullgod måte. Sjølv om eg ikkje maktar å forstå tankegangen, beundrar eg litt førestellingane om at dei er uerstattelege og umistelege; utan dei i føringa vil det gå ille. Tenk å vera so overtydd over eigen kompetanse og eigne evner at dei ikkje kan tenkja seg at andre kan utføra oppgåver like godt eller til og med betre!

I det bygdemiljøet eg vaks opp, ville slike framfusne tankar om eigen kapasitet og kompetanse knapt ha vorte forstått. Det var vel litt for mykje andre vegen; det var litt skammeleg å vera skrytande og framfus om seg sjølv. Det var greitt nok å gjera ein ekstra innsats, men berre dersom andre og helst alle rundt meinte at det kunne vera fornuftig. Jante-tankane hadde nok svært god gjennomslagskraft den gongen.

Men attende til dei ferske prosessane der dei uerstattelege personane opplever store og opprivande traumar. Kanskje er det slik at dei identifiserer seg so sterkt med posisjonar og funksjonar at dei ikkje maktar å skilja desse oppgåvene frå det å vera ein unik person. Som einskildindivid er me uerstattelege i den meininga at ingen er like oss eller vil koma til å verta klin like oss, i alle fall ikkje før kloning vert mogeleg og lovleg. (Fri og bevare meg for ei slik framtid!) Eg kan godt forstå at somme kan ha eit brennande engasjement og sterke ynske om å gjera ein innsats. Det skal me sjølvsagt ha, men me må likevel kunna innsjå at i stillingar, funksjonar og ombod er det mange som kan gjera oppgåvene minst like godt og stundom mykje betre. Det bør eigenleg berre vera flott at det kjem inn andre og nye krefter som kan føra arbeidet vidare på sin måte.

Ein klok person sa ein gong at det beste tidspunktet å slutta -anten det er i arbeidslivet eller i samfunnsombod – er før nokon spør deg om når du har tenkt å gje deg. Då klarer du å sjå på deg sjølv som eit tannhjul i eit maskineri som er mykje større enn deg. Før eller seinare må eit kvart tannhjul skiftast ut. Det som er best for heilskapen, må vera avgjerande for når det skal skje, ikkje overdrivne førestellingar om kor høg kvalitet du har som tannhjul.

Share

Eg melder overgang

Eg melder overgang til ny flokk, så snart overgangsvindauga vert opna, slik ved nyttårstider. Lenge har eg forsøkt å venja meg til at styrande politikarar er opptekne av mange detaljar. Det er i og for seg greitt nok. Noko må dei no vera opptekne med, sidan dei viktige spørsmåla er for store å tenkja på for politikarar som har litt høgdeskrekk og som difor snart vert svimle. Då er det trygt å kasta seg over detaljar i kvardagen, slike som ikkje betyr noko i den store samanhengen. Ta t.d. å auka fartsgrensa frå 100 km i timen til 110 km. Stort framsteg for manneætta som på den måten kan gjera det statistisk meir sannsynleg at fleire misser livet i trafikken. Eller denne ståhjulingen som det gjer endå enklare for folk å forflytta seg frå heimen til treningsstudio utan å måtta bruka kroppen. Det gjeld å vera heilt utkvild når ein skal forbrenna tilmålt kvote kaloriar på treningsstudio. Så var det visst noko med lakrispiper og vinkjøp på flyplassar. Viktige detaljar i den store meiningsløysa.


No tykkjer eg at det vert så mange uvesentlege detaljar som dominerer hjå politikarane at eg vil melda overgang til ein annan flokk. På vanleg måte har eg tvilt meg fram til ein ny flokk. Etter ei totalvurdering, som det heiter, søkjer meg ein flokk som rett nok er opptekne av kvardagsdetaljar, men det er trass alt grunnleggjande detaljar, slike som betyr noko for å kunna overleva og utvikla seg. For ikkje å gjera overgangen for innfløkt, vil eg difor melda overgang til sjimpansane. Dei skal vera mest like på menneska, dersom ein skal tru Wikipedia, og det kan ein gjera slik inni mellom. Overgangen burde gå greitt sidan eg snart er som Bosman-spelar å rekna og dermed ikkje treng vera redd for at den noverande flokksjefen min, den norske staten, vil krevja overgangssum. Eg har ingen agent, og det betyr éin føkrok mindre å metta.

Enkel i drift er eg også, skal nok klara meg med frukt og bær, slik på jamnen. Eg reknar med at det er god tilgang på Gravenstein og Torsteinseple. For ikkje å gløyma heilt kvar eg kjem ifrå, må eg sikra meg rett til to måltid med komla og røykjekjøt kvart år. Eg gler meg allereie til dei måltida.

Eg fann ei beskriving av sjimpansane som gjer at eg er nesten heilt sikker på at eg vil finna meg vel til rette hjå dei. For ikkje å verta mistenkt for å manipulera den leksikalske sanninga, tek eg med teksten slik han er skriven i Store norske leksikon: «Sjimpansene er nysgjerrige og lærenemme og kjent for å ha en avansert bruk av redskaper.» Dette er eit liv som er skapt for meg. Vidare heiter det at «Sjimpansene lever i løse samfunn på 20–100 individer med felles territorium. Medlemmene av sjimpansesamfunnet opptrer i fleksible, mindre enheter avhengig av blant annet tilgang på føde, vann og andre pattedyr.» Det er som å sjå for seg eit departement. Jau, eg vil sikkert trivast hjå sjimpansane. Men – eitt spørsmål står enno utan svar: det er ikkje sikkert at sjimpansane er interesserte i ein overgang. Den tid, den sut. I alle fall er det greitt å ha tenkt gjennom ein overgangsprosess. Det kan henda at tankane kan koma vel med.

Share