Stikkordarkiv: punktum

Utropsteikn

Det kom mot meg,
eit utropsteikn;
lett å kjenna att,
kvass i rørslene,
bratt i ryggen,
munnen full av
STORE BOKSTAVAR.

Prøvde å ikkje
lesta gå,
snika meg forbi
på komma-vis;
fåfengt var det,
høgrøysta og ilter
stoppa utropsteiknet meg,
leksa meg opp,
eit lutande komma
skal visa respekt.

Trøysta meg med at
ein gong skal
utropsteiknet missa
den bratte streken;
då er det punktum.

Share

Livet er ein tekst

Livet er ein tekst,
me legg i veg med
korte setningar, lange setningar
hovudsetningar, bisetningar,
einstavingsord og samansette ord,
utropsord, godord og
spitord,
kloke ord, dumme ord,
kjærlege ord, avmålte ord,

alt deler me opp
med komma,
semikolon, utropsteikn, kolon,
spørjeteikn,
mange spørjeteikn,
av og til parantesar,
stundom til og med
fotnotar
for å halda oversyn,
forklara og
forstå

men punktum…
– det kjem når det kjem,
punktum styrer seg sjølv.

Share